EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Dei to møtte ikkje då retten skulle setjast, men vart pågripne av politiet heime hos den eine og frakta til rettssalen i 11-tida. I retten sa dei to at dei hadde forsove seg, og at det var difor dei ikkje hadde møtt.

Risikerer seks års fengsel Paret i 30-åra frå Bergen risikerer opp til seks års fengsel dersom dei blir funne skuldige etter den alvorlege tiltalen. Dei var først sikta for forsettleg drap på jenta, men dette var gjort om av Riksadvokaten til å gjelde grov omsorgssvikt med døden til følgje.

Babyen vart funnen død i senga si i april 1999. Obduksjonen viste at ho hadde knusingsskader i hovudet, fleire beinbrot og lungebetennelse. Påtalemakta meiner foreldra sjølve må ha påført henne skadene, i og med at det var berre dei to som hadde tilsyn med barnet.

Rusa seg etter fødselen Båe foreldra har vedgått i politiavhøyr at dei rusa seg kraftig i tida etter at jenta vart fødd, ifølgje innleiingsforedraget til aktor Eirik Stolt-Nielsen. Barnefaren har også sagt at han var uroa over at mora handterte barnet hardhendt. Det same har mora sagt om måten faren behandla jenta på.

Kvinna har tidlegare mista tre barn i krybbedød. Ho har fem andre barn som ho i dag ikkje har omsorgsansvaret for.