Straffesaka mot mannen starta i Fjordane tingrett onsdag, og 56-åringen skal svare for påstandar om skattesvik, momssvindel, brot på rekneskapslova, ulovleg utleige av polsk arbeidskraft og omfattande dokumentfalsk.

Mannsterkt i retten

Mannen stilte i retten med sine to forsvararar, advokat Reidar Blom og advokat Per Kjetil Stautland. På motsett side sit aktor, politiadvokat Terje Gjertsen saman med Per Arne Kaldberg frå Økokrim og politioverbetjent Isak Husevåg.

I perioden 2004 til sommaren 2007 importerte mannen 44 bilar frå Tyskland, og påtalemakta meiner han har forfalska kjøpekontraktene med mindre kjøpesum og større kjørelengde på 22 av bilane. Dette skal han ha gjort for å kunne betale langt mindre i toll og eingangsavgifter ved import til Norge.

Finn ikkje morselskapet

Men alt dette nektar han straffskuld for.

Det han erkjenner, er blant anna å ha forfalska ei rekke dokument, inkludert eit som vart lagt fram i retten som bevis i ei tidlegare straffesak mot mannen.

56-åringen nekta også for å ha forfalska eit dokument som han brukte til urettmessig å registrert eit NUF-selskap i føretaksregisteret i Brønnøysund. NUF-føretak må ha eit utanlandsk morselskap, og er ikkje pålagt å levere rekneskap og årsmelding i Norge som andre selskapsformer må.

– Eksisterer ikkje

– I dette tilfellet har både vi, Økokrim og skatteetaten utan hell leita etter det Gibraltar-registrerte The Nova Group LTD, sa aktor Terje Gjertsen. – Vi meiner selskapet ikkje eksisterer, og at tiltalte nytta eit falsk dokument for å registrere ei påstått norsk avdeling av selskapet.

56-åringen, som i tillegg er tiltalt for å ikkje ha ført rekneskap, ikkje ha innbetalt moms av omsetnaden og ikkje har skatta personleg, skal gje si forklaring for tingretten onsdag ettermiddag.