— Eg erkjenner lekamsskading med døden til følgje, sa NilsSteinar Larsen (50) då ankesaka hans kom opp i Gulating lagmannsrett i dag.Larsen hevdar at Sommerschild vart skoten ved eit uhell. Larsen nektar også forat han planla å drepe eks-sambuaren sin, og for å ha prøvd å drepeSommerschilds sambuar.

Larsen vart i januar dømt til 19 års fengsel i Bergentingrett for alle desse forholda.

Hadde med pistol

Larsen hadde oppsøkt eks-sambuaren sin med pistol natt til18. oktober 2010. Dommarane i tingretten meinte planen var å drepe henne.Drapsofferet Sommerschild var kjærast med dottera til eks-sambuaren.Sommerschild og kjærasten hans hadde vorte alarmert om at Larsen hadde dukkaopp, og reiste til husværet i Lyderhornveien. Det endte med at Sommerschildvart skoten i magen. Han døydde seinare av blødningane.

Larsen vart også dømt for overlagt drapsforsøk på sin eigenekssambuar, og for forsettleg drapsforsøk på dottera hennar.

«Hatet er tiltaltes problem»

Larsen vart i tingretten ikkje trudd på at skotet gjekk avved eit uhell. Dei dømde han til eitt år høgare fengselsstraff enn aktorhadde bedt om, og fann ingen formildande omstende.

Retten meinte Larsen hadde eit ekstremt behov for åkontrollere folk rundt seg. «Tiltalte har — slik retten ser det -ikke problemer med sinnemestring. Han kontrollerer sinnet sitt og styrer detmålrettet i den retning han trenger for å gjennomføre det han har satt segfore. Etter rettens vurdering er dethatet som er tiltaltes problemfremforsinnet», heiter det i dommen. Dommarane avviste at eitsinnemestringskurs som Larsen deltok på i fengselet skulle gje grunnlag for einmildare dom.

Må betale ein million

«Retten legger til grunn at han mangler empati. Han haraltså ikke evne til å ta inn over seg og føle med hvordan de har det, de somutsettes for hans handlinger», skriver dommeren.

I tillegg til 19 år i fengsel vart Larsen dømt til åbetale ein million kroner til dei fornærma i saka. Det er sett av 12dagar til ankesaka.