Rettssal 3 i Fjordane tingrett var fylt til siste plass då retten vart sett klokka 09.06.

Den drapstiltalte 42-åringen var alvorleg, men fatta då han fekk opplese tiltalebeslutningen.

— Nei, ikkje skuld, svarte sagbruksarbeidaren både på spørsmålet om han sa seg skuldig i å ha forsøkt å valdta Slåtten og om han sa seg skuldig i sjølve drapet.

Det einaste han innrømte, var eit tilfelle av fyllekjøring etter drapet.

Død i skogholt

Sjukepleiarstudent Anne Slåtten vart funnen død i eit skogkratt måndag 7. juni i fjor, få meter frå den sterkt trafikkerte Angedalsvegen i Førde.

På morgonen dagen før var 23-åringen på veg på arbeid ved Helsetunet i Førde. Så langt kom ho aldri.

Den 42 år gamle sagbruksarbeidaren frå Gaular er tiltala for valdtektsforsøk og forsettleg drap. Påtalemakta meiner mannen først prøvde å valdta Slåtten, før han kvelte henne inne i skogholtet.

DNA viktigaste bevis

Påtalemaktas viktigaste bevis er DNA frå 42-åringen som vart funne på leppene, eine brystet og på BH-en til Slåtten.

Sjølv har Gaular-mannen sagt i politiavhøyr at han var full, og at han ikkje hugsar noko frå drapsnatta. Han har nekta all skuld heilt sidan han vart arrestert 7. oktober i fjor. Då fekk politiet melding frå Rettsmedisinsk institutt i Oslo om at mannens spyttprøve stemte med DNA funne på drapsofferet.

Det er sett av 14 dagar til rettssaka. Tingretten blir administrert av tingrettsdommar Terje Mowatt. 42-åringen blir forsvart av advokat Ivar Blikra. Aktor er statsadvokat Jogeir Nogva, som har med seg politiadvokat Sissel Kleiven og etterforskingsleiar Dag Øyen. Det er til saman kalla inn 46 vitne i saka.

<b>I RETTEN: </b>Etterforskningsleiar Dag Øyen og statsadvokat Jogeir Nogva i retten i dag.
GARD STEIRO