Bergen fengsel kvitter seg snart med alle treningsvekter. Slik skal dei kome eit aukande dopingproblem til livs.

— Vi merkjer at doping er meir aktuelt no enn for få år sidan, og det er grunnen til at vi tar fleire prøver. Vi følgjer nøye med på om innsette har unormal kroppsleg utvikling, og om dei viser påfallande teikn på aggressivitet og ustabilitet, seier Ketil Schreiner Evjen, direktør ved Bergen fengsel.

I fjor blei 153 fangar dopingtesta. Av dei testa 22 prosent positivt, mot 12 prosent året før. På Vestlandet blei ni innsette dopingavslørt, mot seks i 2006.

- Dårleg signal

— Vi har fjerna treningsvektene på avdelingane, og i løpet av hausten vil vektrommet bli erstatta med noko anna. Vi skal ikkje ha lause vekter i fengselet, seier Evjen.

- Kvifor ikkje?

— At valdsdømte sit inne og einsidig pumper musklar gjev eit dårleg signal, som folk ute reagerer på. Vi kan ikkje hindre trening, men vil ikkje leggje til rette for den typen muskelbygging, seier Evjen.

Fengselsdirektøren er oppteken av at dei innsette skal få eit sunt treningstilbod.

— Trening er viktig både mentalt og fysisk, og vi ønskjer å leggje til rette for eit variert treningstilbod utan vekter. Det kan vere alt frå sekvensapparat, ballspel og springing inne og ute. Vi har hatt yoga som eit prøvetilbod i sommar og det slo godt an, seier Evjen.

Pumper fem gongar i veka

Bergen fengsel er eitt av dei første i landet som blir vektfrie. Fleire av dei innsette reagerer.

— Vi sit veldig mykje stille, og då er det viktig å ha dette treningstilbodet. Med vektlyfting får ein pressa ut all negativ energi. Det er bra, også for valdsdømde, seier Tony (29), som trenar fem dagar i veka innanfor murane.

Vi er på eit nedslite treningsrom i Bergen fengsel, med ei einsleg vifte i taket. Vanlegvis er det stappfullt her.

— Eg syns heller at dei burde utvide vektrommet. Trening gjer at ein får andre ting å tenkje på som igjen gjer at soninga går lettare, seier Tony. Han kombinerer styrketrening med fotball.

Sjølv kjenner han seg ikkje igjen i dopingproblematikken.

— Eg har ikkje sett noko til doping. Det dreier seg ikkje om å vere størst mogleg, men om å halde kroppen i form. Uansett burde dei ikkje ta frå oss dette fordi eit fåtal doper seg, meiner 29-åringen.

Blir aggressive

For fengselsdirektøren veg det likevel tyngre å kome dopingmiljøet til livs, enn at dei innsette får løfte vekter.

— Vi ser ikkje vekk frå at ein del valdssituasjonar i fengslet skuldast doping. Vi er også opptekne av at den einskilde ikkje skal utsetje seg sjølv for langvarige skadar, seier Evjen.

Bruk av anabole steroider gjev både kroppslege og psykiske biverknader.

— I periodar med høge dosar kan det gje auka aggressivitet, ustabilitet og valdeleg åtferd. Når ein sluttar på stoffet fører det ofte til depresjonar og sjølvmordstankar, seier professor Kåre Birkeland ved hormonavdelinga på Aker Universitetssjukehus, som analyserer dopingprøver frå heile Noreg.

Vanlege fysiske biverknadene er urein hud, forstyrringar av leverfunksjonar, hjartesjukdom, sterilitet og endringar i seksuell lyst.

Helge Skodvin