ARNE HOFSETH

Odda kommune trugar med tvangsmulkt dersom Melkeraaen ikkje legg ned tilbodet for røykarar i hotellet. Men direktøren har ikkje tenkt å gje etter for trugsmålet.

— Kommunen har ikkje gått inn på mine argument, berre gjort vedtak om at vi må stenga, seier Melkeraaen til Bergens Tidende, og gjer det klart at han vil påklaga vedtaket til fylkesmannen innan fristen 28. juli.

— Eg gjer ikkje dette for å tena pengar, men av respekt for gjestene mine. Det står om viktige prinsipp. Dessutan er eg lei av at røykarar blir kriminaliserte, seier han til Bergens Tidende.

Men Torhild Solheim i kommunen skriv at «Miljørettet helsevern i Odda kommune tolker loven slik at smutthullet som du som direktør indirekte henviser til, ikke eksisterer. Det vil derfor ikke være anledning til å opprette en medlemsklubb i hotellets lokaler.»

Rett før strengare reglar i røykelova vart sett i verk 1. juni i år, skipa Melkeraaen landets første røykeklubb, med medlemstal avgrensa til 120 personar tilmeldt «Røykens Venner».

— For mange til å få unntak frå røykelova, meiner Solheim, og trugar med kommunal tvangsmulkt om ikkje ordninga vert avvikla.

— Hadde Stortinget si meining vore å forby ei legal vare, ville lova sett annleis ut. Lova skal primært verna dei tilsette, sekundært publikum som vert plaga av røyk. Sjølv røykelova sin «far», professor Asbjørn Kjønstad, vedgår at siktemålet aldri var å verna hotell- og restauranteigarar, seier Melkeraaen.

Han står personleg for rydding av lokalet som han har stilt til rådvelde for røykeklubben, og meiner at han har sitt på det tørre.