EYSTEIN RØSSUM

Når Kystverket i dag legg fram sin eigen interne granskingsrapport etter «Rocknes»-tragedien, veit kystdirektør Øyvind Stene at innhaldet vil bli advokatmat.

I september skal staten møte «Rocknes»-eigarane i Oslo tingrett. Kommandittselskapet «Reederei Hans-Jürgen Hartman MS Kvitnes GmbH & Co», som formelt sett eigde Jebsen-båten, har saksøkt Kystverket ved Fiskeridepartementet for å sleppe å betale oppryddinga. Det skjedde etter at dei fekk oversendt rekninga.

— Vi har oppfatta kravet frå staten til å vere på ca. 90 millionar kroner, seier advokat Haakon Stang Lund hos Wikborg Rein, som representerer eigaren av «Rocknes».

Det første i sitt slag

Dei meiner det var dårleg oppmerking av leia gjennom Vatlestraumen og dårlege sjøkart som var skuld i havariet. Ulykka kosta 18 menneske livet.

I utgangspunktet er eigaren uansett ansvarleg for forureininga etter eit forlis. Men i § 192 i sjølova heiter det: «Eieren er fri for ansvar dersom det godtgjøres at skaden: (...) i sin helhet skyldes uaktsomhet eller annen rettsstridig handling av offentlig myndighet i forbindelse med vedlikehold av fyr eller andre hjelpemidler for navigeringen».

— Vi meiner dette tilfellet kjem inn under denne paragrafen, seier advokat Stang Lund.

Det er særleg to punkt der saksøkaren meiner Kystverket og staten kan lastast:

  • Det vart ikkje sett ut ein ekstra stake etter at Sjøkartverket i 1995 oppdaga at grunna ut for Revskolten lykt var større enn tidlegare kjent. Staken kom først på plass rett etter ulykka.
  • Losane fekk ikkje ei særskilt orientering om grunna, trass i at det offisielle sjøkartet vart justert i 2003.

Søksmålet frå kommandittselskapet skal vere det første i sitt slag her til lands.

Staten avviser alt

Ei intern gruppe i Kystverket har i fleire månader granska Kystverkets rolle i «Rocknes»-ulykka: Kva dei hadde gjort, kva dei kunne gjort betre, og kva slags tiltak som bør setjast i verk for å unngå slike katastrofar i framtida.

Rapporten blir lagt fram i Ålesund i dag, og vil garantert bli studert med argusaugo av saksøkarane.

Regjeringsadvokaten, som skal føre saka i Oslo tingrett, har avvist kravet frå eigarane fullstendig. For staten vil eit hovudpoeng vere at grunna uansett ligg utanfor det som er merka med kvit sektor på kartet, og at «Rocknes» dermed var utanfor skipsleia då det small.

Det er sett av fem dagar til saka i Oslo tingrett i september.

500 millionar kroner

Det vil til sjuande og sist vere forsikringsselskapet Gard som må betale for oppryddinga, dersom eigaren ikkje vinn fram med kravet.

Forsikringsselskapa Gard og Norwegian Hull Club vurderer om dei også skal krevje staten for resten av kostnadene med havariet:

  • Utbetaling av erstatning til overlevande og etterlatne.
  • Berginga og snuoperasjonen.
  • Reparasjonen og gjenoppbygginga av «Rocknes».

Totalrekninga skal etter det Bergens Tidende kjenner til liggje på ca. 500 millionar kroner.

— Det er ennå ikkje tatt stilling til om det vil bli reist regresskrav mot staten også for desse punkta, seier advokat Stang Lund.