Dei to senterpartihovdingane leiar fylkestingsgruppene i høvesvis Rogaland og Hordaland, og har lenge vore mellom dei sterkaste talsmennene for ein region som femnar om både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Men tysdag vende fylkesutvalet i Rogaland tommelen ned for ei så stor eining, etter at Helse Vest avgjorde at nevrokirurgien skal lokaliserast i Bergen. Berre Arbeidarpartiet og Senterpartiet held fast på vestlandsregionen, trass i dette eine «tapet» på helsesektoren.

Det er kuvendinga i Kristeleg Folkeparti i Rogaland som har gjort sterkast inntrykk på Kvaløy og Lussand.

— Det er trist at ikkje KrF maktar å heva blikket ut over ei einskildsak som dette, og heilt gløymer dimensjonen i vestlandsregionen. At ei sak som gjeld relativt få hjerneoperasjonar skal velta ei så viktig reform, tykkjest meiningslaust, seier Lussand.

— Dette er perspektivlaust av KrF, for eg har hittil oppfatta partiet som ein pådrivar for sterke regionar. I verste fall kan eit vedtak som dette føra Rogaland i isolasjon. Eg anar nokre smil i Høgre og Frp som ser fram til ein forsterka fylkesmodell i staden for ein større region, er kommentaren frå Kvaløy.

Odd Arild Kvaløy er ringrev framfor nokon i Senterpartiet, etter å vore anten fylkesordførar eller gruppeførar i fylkestinget i meir enn tjue år. Men Magnar Lussand ligg ikkje mange hakk etter.

Trass i det uventa vedtaket i fylkesutvalet i Rogaland er begge overtydd om at dei tre fylka her vest er best tent med å bli ein region frå 2010. Dei reknar også med at Stortinget og regjeringa vil sjå det på same måten.

— Det seier seg sjølv at det vil koma stunder då den eine eller andre grupperinga i regionen lyt tola nederlag, slik dei no opplevde i Rogaland. Men ein må ikkje gløyma å heva blikket. Dersom ein skal lasta ryggsekken opp med frustrasjon, blir sekken tung å bera, seier Lussand.

Kvaløy er overtydd om at det berre er vestlandsregionen, med nær ein million innbyggjarar, som kan bli sterk nok til å hamla opp med Oslo-gryta når det gjeld fordeling av ressursar og makt.

— Blir det ikkje litt vanskeleg å vera rogalending i ein stor vestlandsregion?

— Nei, for skal vi få noko gjort, må vi byggja alliansar. Sjå kva vi har fått til i petroleumssektoren og når det gjeld samferdsla! Før i tida var det eit dagsprosjekt å reisa frå Stavanger til Bergen, medan det no er snakk om nokre få timar.

Men vanskeleg? Vel, framleis kan vi velja om vi vil heia på Viking eller Brann! seier Odd Arild Kvaløy.