— Eg kjenner meg som ein spedalsk. Eg betaler alle rekningane mine til punkt og prikke, likevel nektar dei å ha meg som kunde, seier 53-åringen frå Bergen.

Torsdag prøvde han å få teikna innbuforsikring i Sparebank 1 Skadeforsikring for husværet han leiger i Bergen. Det gjekk dårleg.

— Dei viste til at eg hadde hatt to inkassosaker mot meg. Difor ville dei ikkje ha meg som kunde, seier mannen. Same meldinga fekk han hos Vesta dagen etter. Først hos Gjensidige Nor lykkast det å få forsikra hus og heim.

Betaler punktleg

Inkassosakene skriv seg frå sommaren 1998. Mannen hadde vore anleggsarbeidar med solid inntekt då langvarige smerter i skuldrane endte med at han vart sjuk og til sist uføretrygda. Med ein kraftig reduksjon i inntekta vart gjelda for stor. Han pådrog seg to inkassosaker før han fekk til ei frivillig gjeldsordning med kreditorane.

— Sidan har eg betalt alle rekningar til punkt og prikke. Alle kreditorane gjekk med på ordninga, og dei får det dei skal ha etter avtalen, seier mannen.

Han er fortvila over at han likevel blir nekta forsikring.

— Eg kan ikkje forstå kva grunnen er. Så lengje eg betaler forsikringsrekninga på forskot, burde dette vere greitt. Dei behandlar meg som ein kjeltring. Det er hardt nok å leve med denne gjeldsordninga om eg ikkje skal få slik ekstrastraff, seier mannen.

Generell hovudregel

Informasjonssjef Jørn Lekve i Sparebank 1 Vest stadfestar at gamle betalingsmerknader kan få slike konsekvensar.

— Det er ein generell hovudregel at dersom ein kunde har ein merknad for manglande betaling, unngår vi å forsikre vedkommande. Vi må vere nøye, elles kan skadeprosenten gå opp. Det vil til sist gå ut over dei andre kundane, som i så fall må betale meir, seier Lekve, som i går ikkje kjende til denne konkrete saka.

— Kundar med slike vanskar må prøve å kome i dialog med oss, og dokumentere evne og vilje til å betale, seier Lekve.

138.000 registrert

Om lag 138.000 nordmenn er i dag registrert hos kredittinformasjonsselskapa med betalingsmerknader. For å få ein slik merknad, må ein kreditor ha tatt ut ein forliksklage.

— Ein slik merknad kan skape vanskar ved teikning av forsikring. Det vil også som regel vere til hinder for å få kredittkort, og kan skape vanskar for ein søknad om bustadlån, seier sjefanalytikar Tore Widding i CreditInform, eitt av dei tre store kredittinformasjonsselskapa som bankar og forsikringsselskap nyttar.

Merknadane blir først sletta ved utgangen av det fjerde året etter at han vart registrert.