— Eg stilte opp for NRK, som ville laga eit filminnslag om motorsykkelen som lovleg kan kjøpast, men ikkje brukast, seier den sikta mannen til Bergens Tidende.

Han reagerer på at dei to andre som deltok i tv-innslaget ikkje er sikta, sjølv om politiet kjenner identiteten.

— Av oss tre som let oss filma, er det berre eg som er meld til politiet, seier mannen og let oss få vita at han tidlegare har hatt fleire diskusjonar med Vegstellet i samband med jobben som mekanikar.

— Men dei som vert tekne i farts- eller promillekontroll, slepp ikkje unna straff fordi ein god del andre ikkje vert tekne?

— Sant nok, men eg meiner det ikkje er godt nok bevis at ein sakshandsamar på Vegkontoret har sett eit redigert tv-innslag på fritida si, seier mannen og krev saka lagt bort etter beviset si stilling.

«Pocket bike» er ein bitte liten motorsykkel, med 4 kW effekt på motoren, som kan koma opp ein fart på 70-80 kilometer i timen. Difor nektar styresmaktene å godkjenna dei som leikety utan krav om registrering og forsikring. Hittil er det heller ikkje opna for registrering av slike doningar. Dei kan lovleg kjøpast, men ikkje brukast, heller ikkje på privat grunn.