• Vi leiger berre ut til personar med fast inntekt eller studentar, var tilbakemeldinga MS-råka Eirik Sellevold(32) fekk av boligbyggelaget Vestbo.

Sellevold fekk diagnosen MS for tre år sidan, og har difor vore mykje sjukmeldt. Den siste tida har han leita etter ein ny bustad.

— Eg var ikkje på jakt etter noko stort, men det burde ha heis eller ligge i første etasje, sidan sjukdomen gjer at eg har problem med å gå trapper, forklarer Sellevold.

Han fann ei leilegheit på Landås, men fekk beskjed frå utleigar Vestbo at han ikkje var sett på som eigna til å leige hos dei.

— Dei sa at dei ikkje ville leige ut til ein person som er arbeidsledig eller går på trygd, seier Sellevold.

Gjennom det offentlege får han utdelt ei viss pengestøtte i månaden. Ikkje mykje, men nok til å betale husleiga.

— Det bur jo mange studentar i leilegheitene rundt. Eg kan ikkje forstå at eg er ein meir usikker betalar enn dei, seier han.

- Oppfyller ikkje kriterium

— Det er grovt og upresist å seie at vi ikkje leiger ut til dei utan betalingsevne. Alle typar menneske er blant våre leigetakarar, seier Arne Wiederstrøm, direktør i Vestbo.

I følgje han var det andre faktorar som gjorde at dei sa nei til Sellevold.

— Eg kan sjølvsagt ikkje gå inn på dei konkrete forholda som låg til grunn, men ut i frå den informasjonen han sjølv ga oss, foretok vi ei seriøs beslutning om at han ikkje ville passe inn i vårt bumiljø.

— Kva vurderingskriterie går de ut frå?

— For det første skal våre leigetakarar kunne betale husleiga, og for det andre skal dei passe inn i våre bumiljø, seier Widestrøm.

— Indikatorar som rusmisbruk eller politihistorie kan vere grunn til at vi seier, beklager, du passar ikkje til å bu hos oss.

Ingen av desse indikatorane låg til grunn for avslaget i denne saka, innrømmer Wiederstrøm.

— Men å sile ut på denne måten, er ikkje det diskriminering?

— Vi er seriøse aktørar, og fylgjer dei lover og reglar som gjeld. Vi veit ikkje om ein person vil bli noko plage, men vi tek heller ikkje sjansen, seier Wiedestrøm.

Skuffa over Vestbo

Leiar i Leieboerforeningen i Bergen, Stig Høisæther, er skuffa, men ikkje overraska over utsegna frå Vestbo-direktøren. Han meiner haldningane mot sosialmottakarar no er blitt gjengs i heile bransjen, og spesielt på den private marknaden.

— Kva skal leigar spørje om, og kven ønskjer dei å ekskludere på denne måten, spør han.

Boligkooperasjonar som Vestbo har i fylgje Høisæther tidlegare hatt ein meir sosial profil, til forskjell frå aktørane på den private bustadmarknaden. Han meiner det no er i ferd med å endre seg, ved at boligkooperasjonane bevegar seg mot den private leigemarknaden.

— Det er viktig å ha boligsosiale operatører. Har vi tapt dei, er vi ille ute, meiner han.

Direktøren i Vestbo, Arne Wiederstrøm, forstår ikkje kritikken frå Leieboerforeningen.

— Boligbyggelaget har ikkje lenger overføringsoppgåver frå staten, slik vi hadde på femtitalet. No må vi ta hensyn til at vi må dekke våre kostnader, seier han.

Silje Katrine Robinson