– Eg er ikkje villig til å risikera andre menneske og jobben min for å køyre ned denne strekninga, seier ein av bussjåførane som ikkje tok sjansen på å køyre ned den bratte og glatte vegen i Lønborglien i Bergen i morgontimane i dag.

– Om eg så må køyre ned, blir det utan folk, seier ho.

Fem sjåførar nekta å køyra

På det meste var fem bussjåførar samla i brakka ved toppen av bakken. Når bt.no var innom brakka i 11-tida, var det to igjen.

– Eg køyrde ned ein gang, det var med livet som innsats, fortel den andre bussjåføren. Begge to ville vere anonyme, men var frustrerte over kommunen si manglande strøing.

– Me har ringt inn å rapportert om forholda sidan klokka seks, men ingenting har skjedd. Me får klagar frå passasjerane, men det er ikkje vår feil, seier dei.

Vil flytta frå ustrødde vegar

– Kvar er bussen? spør Dominique Eikner, som møter opp på busstoppet øvst i vegen. Ho skal på jobb.

– Me vil ikkje køyra ned slik det er no, får ho til svar frå bussjåførane.

– Men kvifor blir det ikkje strødd då? spør Eikner oppgitt. At ho ikkje bussen har gått når ho skal på jobb har skjedd fleire gonger før.

– No vurderer eg å flytta, seier ho.

– Har ikkje fått beskjed

– Me fekk beskjed av sjåførane at det var veldig glatt vegbane i Løenborglien i morgontimane, og gav beskjed vidare til vaktsentralen i kommunen, fortel Kaare Enæs, marknads og informasjonssjef i Tide Buss.

– Det viktigaste er tryggleiken, og sjåførane må ut frå dette vurdere om det er forsvarleg å køyre eller ikkje , seier Enæs. Han seier at Tide, etter melding frå bussjåførane som skulle ned Lønborglien, gav beskjeden vidare til vaktsentralen i kommunen.

– Me har ikkje fått noko beskjed frå Lønborglien, seier Atle Kleppe, driftssjef Samferdselsetaten i Bergen kommune. Han påpeikar likevel at det skal ha blitt strødd i alle busstraseane i kommunen før halv ti om morgonen, trass i plusstemperaturar.

–— Eg veit ikkje kva som kan ha skjedd, men det ser ut til at beskjeden ikkje er komen fram, seier Enæs i Tide.

Kva meiner du om strøinga i Bergen? Bør Tide få folk fram uansett?

Solfrid Torvund