Det var i halv ni tida i går kveld politiet på Stord fekk melding om bråk på sjukehuset.

— Det var ein gamal kjenning av oss som var på besøk hos ein kamerat på sjukehuset, men han ville ikkje gå derifrå. Legane kontakta oss fordi han skapte bråk, seier lensmann Reidar Færestrand på Stord til bt.no.

— Sa han noko om kvifor han ikkje ville gå frå sjukehuset?

— Denne karen treng ikkje gje nokon forklaring. Han var heller ikkje edru då han kom til sjukehuset og han var ikkje edru då vi henta han, seier lensmannen.

Politiet såg ikkje anna råd enn å la stordabuen som er i slutten av førtiårene, overnatta i drukkenskapsarresten.