Det var då ferja MF «Rosendal» forlet Sunde og Ranavik om lag 20 minuttar for seint på ein tur måndag morgon at 8 — 10 bilførarar nekta å betala overfarten til Stord, som kostar 104 kroner for liten bil med førar.

Kvinnherad-ferja blei frå 1.mai flytta frå Leirvik til Skjersholmane på Stord trass kraftige protestar i lokalmiljøet.

Overfarten er blitt fleire sjømil lengre, og billause passasjerar kjem fem km utanfor reisemålet Leirvik.

Eit hovudargument for vegvesenet var at no kunne HSD setja inn to store ferjer i sambandet. MF «Hordaland» har stort sett greidd å halda ruta, i motsetnad til MF «Rosendal» som er sett inn i sambandet mellombels.

Den spontane aksjonen frå ferjependlarar måndag morgon skjedde etter to vekers frustrasjon over seine ferjer i sambandet, som transporterer rundt 20.000 bilar og dobbelt så mange passasjerar kvar månad.