-17. mai er Norges nasjonaldag, og då synest eg faktisk ikkje utanlandske flagg har noko i to-get å gjere, seier leiar Jacob Nødseth i elevrådet til avisa Firda.

— Takka nei

I inngangen på skulen heng det ei rekkje ulike flagg som speglar att nasjonaliteten til elevane ved skulen. I fjor vart desse flagga tekne i bruk på 17. mai. Det ville skuleleiinga gjere også i år.

Men elevrådet tykkjer ikkje at det er ein god idè. Nødseth tok opp saka i elevrådet, fordi han og andre elevar i fjor vart bedne om å gå med utanlandske flagg i borgartoget.

— Eg takka nei, for det ville vore kunstig å gå med ein annan nasjons flagg på nasjonaldagen, seier elevrådsleiaren.

- Ingen FN-dag

Han understrekar at både han og rådet er opptekne av internasjonalisering og solidaritet.

— Men det må gå an å ha to tankar i hovudet samstundes. 17. mai er ikkje FN-dagen, men Norges nasjonaldag, og då synest eg og eit bortimot samstemming elevråd at dagen bør markerast med norske, ikkje utanlandske, flagg.

Nødseth helsar innvandrarane velkomne i toget. Han vil gjerne at dei stiller i nasjonaldraktene sine og - men altså med norsk flagg i handa.

Skuffa rektor

Leiinga ved skulen har ikkje sans for haldninga til elevane.

— Eg må seie at eg både er skuffa og overraska over vedtaket. Eg har ikkje sans for slike syns-punkt i 2007, seier rektor Odd Standal ved Flora vidaregåande skule til Firda.

Han seier at dei uansett vil bruke dei internasjonale flagga i årets 17. mai-tog.

Standal viser til at skulen har eit internasjonalt miljø og at Flora kommune er utropt til internasjonal kommune.

Tamilsk 17. mai-talar

Difor er det også ein tamil som skal vere hovudtalar under årets 17. mai-feiring i kystbyen. Han har eit svært så diplomatisk syn på vedtaket i elevrådet etter å ha snakka med Nødseth.

— Det er ingen grunn til å gjere noko stort nummer av vedtaket i elevrådet. Det er ein norsk na-sjonaldag og vi må ha respekt for at det er ulike meiningar. Neste års elevråd har kanskje det motsette synet, seier Jeikishan Jegatheesan til NRK Sogn og Fjordane.

- Historielause

Trond Torbjørnsen, leiar i SOS-rasisme, meiner elevrådet i Florø er historielause.

— Det er synd at dei ikkje klarer å sjå det inkluderande med nasjonaldagen. Det er og historie-laust med tanke på kven som grunnla 17. mai-feiringa i Norge. Henrik Wergeland var nettopp ein som gjekk inn for at Norge skulle vere eit ope og inkluderande samfunn. Han tok og til orde for å opne grensene for folk utanfrå, seier Torbjørnsen til NRK.

Erichsen, Jarl Fr.