Ei veke før fristen går ut, er Universitetet i Bergen (UiB) klar med sin høyringsuttale til Stjernø-utvalet. Notatet er på eit tjuetals sider, men her er kortversjonen frå rektor Sigmund Grønås:

— If it ain't broken, don't fix it!

Torsdag vedtok eit samrøystes UiB-styre å seie:

  • Nei til tvungen samanslåing av universitet og høgskular.
  • Nei til endringar av dagens styrings- og leiingsstruktur.
  • Nei til at det skal bli enklare å få universitetsstatus.
  • Dette er i tråd med det UiB-leiinga har gitt uttrykk for tidlegare, konstaterer rektor Grønmo.

— Så no har du fått det som du vil?

— Eg har fått det som eg vil, og som store delar av universitets- og høgskulemiljøa i landet vil. Dette viser at vi har hatt full dekning for dei synspunkta vi har gitt uttrykk for.

Vil heller samarbeide

Rett nok er UiB samd i Stjernø-utvalet sin situasjonsrapport frå norsk forsking og høgare utdanning:

  • For stor spreiing av forskingsressursar på mange og til dels svake lærestader.
  • For låg produktivitet.
  • For dårleg koordinering.Men UiB og Stjernø-utvalet er ikkje einige om korleis utfordringane skal løysast. Det mest omstridde framlegget er å slå institusjonane i høgare utdanning saman til max ti universitet.

Grønmo har frå første dag vore ein markant motstandar av å samle UiB og høgskulane i Hordaland og Sogn og Fjordane til eit Vestlands-universitet, og meiner slikt må skje frivillig.

Også i høyringsuttalen frå UiB blir tvungen samanslåing karakterisert som ei kostbar, risikabel og lite treffsikker reform. UiB vil heller peike på gode erfaringar med UH-Nett Vest, det nye nettverkssamarbeidet med Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord /Haugesund.

— Betre samarbeid, betre arbeidsdeling, betre samordning! I første omgang er dette nettverket vårt viktigaste svar på utfordringane Stjernø-utvalet peikar på, seier Grønmo, som også er styreleiar i UH-Nett Vest.

University of Norway?

Forslaget om å endre dagens leiar- og styringsstruktur får merkelappen «perifert» i notatet. UiB er også overraska over at utvalet vil gjere det enklare å få universitetsstatus, dersom samanslåing ikkje blir gjennomført. Grønmo fryktar for konsekvensane for UiB, dersom Stjernø-utvalet får gjennomslag.

— Det vil innebere ei alvorleg svekking av vår profilering som forskingsuniversitet med internasjonal orientering, seier rektoren.

I ein kronikk i BT torsdag lanserte fire UiB-dekanar ein alternativ modell: Universiteta i Bergen, Oslo og Trondheim slår seg saman til eit University of Norway. Men sjefen skyt ned dette framlegget, også.

— Ein spenstig tanke. Men eg trur ikkje tida er moden for det, heller.

NEI TIL REFORM: Etter ei brei, intern høyring bestemte styret torsdag at Universitetet i Bergen framleis vil vere eit internasjonalt forskingsuniversitet. Det betyr eit nei til Stjernø-utvalets innstilling om tvungen samanslåing til eit Vestlands-universitet. I midten: Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken og Rektor Sigmund Grønnmo.