— Dette er typisk sentraldirigering av Arbeidarpartiet, og for sosialistar i det heile. Kvifor skal vi ha slik einsretting, når det er stor skilnad mellom situasjonen i til dømes små utkantkommunar og i Oslo, spør Brosvik som like til i vår var medlem av sentralstyret i KrF.

Ho ser eit mønster i den type sentralstyring etter å ha studert programpostane som Arbeidarpartiet no vil gå til val på. I tillegg til å innføra matservering i skulane er det barnehagepolitikken med eins pris over heile landet som får henne til å rista på hovudet.

Samanslåing?

— Tilhøva er så ulike frå kommune til kommune at det ber galt av stad å tvinga alle til å innføra dei same ordningane. Skal vi setja i gang med å servera mat på skulane, lyt vi skaffa ekstra personale. Dersom det skal halda fram slik, kan det enda med at vi her i Gulen må slå saman alle dei fire skulane. Men det vil ha store skadeverknader, i iallfall for dei minste som i så fall vil få urimeleg lang reisetid, seier Brosvik til Bergens Tidende.

- Frp like gale

Ordføraren har ved meir enn eitt høve refsa regjeringa, og især kommunalminister Erna Solberg, for ikkje å gje kommunane betre vilkår. Øyremerkinga ved statlege tilskot er framleis for omfattande, etter Brusviks oppfatning. Men ho ottast at tida vert skrudd tilbake dersom Jens Stoltenberg slepp til att i regjeringsbygget.

— Vi må ikkje vera i tvil om at sentralstyringa av kommunane vert sterkare dersom det raudgrøne alternativet vinn fram ved valet. Men Frp er ikkje det spor betre, og ein kan aldri vita kva veg det tar. Partiet er like sentralistisk som partia på venstresida når det gjeld synet på kommunalt sjølvstyre, seier ho.