– Tvinna med Tvinnefossen og Trollfossen er eit særprega og attraktivt element i fossefjordlandskapet i Nordfjorden. Fossefalla har stor verdi for friluftsliv og turisme i området, skriv NVE i ei pressemelding.

Bergens Tidende skreiv om Tvinnefossen sist sommar som del av ein artikkelserie der det blei påvist at politikarane på Vestlandet seier ja til all kraftutbygging. Fleire prosjekt lokalpolitikarane vil gjennomføre, er seinare stoppa lenger oppe i systemet. No ser også Tvinna, ein av dei få fossane i landet der det går an å gå bak fossefallet, til å hamne i denne kategorien.

Etter NVEs syn, vil redusert vassføring og fysiske inngrep i samband med utbygginga, sterkt redusere verdien av fossane like ved Randabygda på nordsida av Nordfjorden. I tillegg vil inntaket til kraftverket bli liggjande tett inntil grensa for Tvinna naturreservat, og kunne påverke sårbare område. Dei negative konsekvensane av Tvinna kraftverk kan vanskeleg bøtast på med tiltak. NVE meiner difor at føremonene med kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som blir påført allmenne interesser.

VEG BAK FOSSEN: Verneorganisasjonar reagerte då planane om å byggje ut Tvinnefossen blei kjende. Her har Eivind Skjerven, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Turlag, nett gått stigen bak fossefallet som folk og dyr brukte før i tida for å kome til områda på andre sida av elva.
ØYSTEIN TORHEIM