«Norges Golden Gate Bridge skal nå bygges, og den kommer til å bli lengre, høyere og vakrere enn originalen», sa saksordførar Øyvind Halleraker då vedtaket om bygging av Hardangerbrua blei gjort.

— Vi har ikkje fått vere med i ein arkitektkonkurranse, sa Norske Arkitekters Landsforbund i sommar. Dei ba om møte med Samferdsledepartementet då dei meinte at prosessen hadde vore altfor uformell.

I eit møte i går blei det klart at det ikkje blir nokon ny konkurranse.

Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet grunngjev dette med at «sterk arkitektfagleg og brufagleg kompetanse allereie er tilknytt prosjektet».

— Det er ingen grunn til å ha ein ny arkitektkonkurranse, seier Tungesvik.

— Det har vore ein konkurranse mellom to inviterte arkitektfirma, noko som er i tråd med innkjøpsregelverket, seier statssekretæren.

— Konkurransen var halden i vinter og kontrakt inngått i april i år.

Påstanden om at Vegvesenet held ting for seg sjølv og ikkje ønskjer å gå ope ut, er i følgje statssekretæren «riv ruskande galen», fordi Vegvesenet i dei fleste prosjekt engasjerer privat fagkompetanse til å supplere sin eigen.