— Eg ser ingen grunn til at vi skal ha ein ny EU-debatt no. Vi må heller konsentrera oss om EØS-forhandlingane og gjera det beste ut av dei, held Bjørke fram.

— Meiningsmålingar viser at det er politisk vilje til å oppretthalda og utvikla norsk jordbruk i heile landet. Dette krev ein nasjonal landbrukspolitikk og ei samla næring som er villig til å løfta i flokk. Derfor er det særleg skuffande når våre eigne tilsette direktørar ikkje handlar i tråd med eigarane sine interesser, meiner han.

Medlemskap dyrare

— Kan ikkje ein revidert EØS-avtale bli for dyr, slik at fullt medlemskap av den grunn kan vera eit godt alternativ?

— Nei, slett ikkje. Prisen vi lyt betala for fullt medlemskap vert mykje større, seier Bjørke til Bergens Tidende.

Bondelagsleiaren på Voss minner om at det berre er åtte år sidan fleirtalet i folket sa nei til medlemskap. Sett frå norsk side er det lite som har endra seg i høve til EU etter den tid. Derfor må både styresmaktene og ikkje minst leiarane i landbruksorganisasjonane ta nei'et i 1994 på alvor, slik han ser det.

Ti nye land

— Nesten heile Europa er no med i EU? Tel det ikkje at ti nye land er blitt medlemer?

— Det vil tida visa. Vi må i iallfall først sjå korleis det går med dei nye landa i EU. Det er sant nok at EU er heile tida i utvikling – mot ein union.

For bøndene er det ikkje dukka opp argument som taler for at vi er meir tente med EU-medlemskap enn vi var sist gong saka var aktuell. Eg kan rett og slett ikkje sjå korleis vi skulle greia oss innan EU. Det er ikkje berre eit spørsmål som gjeld bøndene. Distrikts-Norge med spreidd busetnad vil utan tvil få store problem om vi går inn i EU, seier Bjørke.