Naturvernarane kallar lina «det største naturinngrepet som er påtenkt på Vestlandet nokon gong».

— Lina vil bli synleg og dominerande på ein brutal måte over store avstandar og redusere opplevingsverdiane vesentleg. Summen av skade på natur, landskap, kulturminne og opplevingsverdiar vert gigantisk for alle alternativa. Ikkje noko anna konkret naturvernsak på Vestlandet er av større dimensjonar enn planen for kraftlina Fardal-Ørskog, meiner naturvernarane.

— Alle alternativa går både nær mange menneske og gjennom eller nær verna område, ei rekkje verna vassdrag og viktige friluftsareal. Lina går tvers gjennom 250-300 kilometer av det vestnorske fjordlandskapet, det landskapet som National Geographic har peika ut som den mest storarta å oppleve i verda, skriv Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, og krev at lina som skal skaffa straum til industrien på Nord Møre, må stoggast eller leggjast i sjøkabel.