Det omfattande arbeidet med nytt fruktlager til 20 millionar kroner har ikkje bore frukt, sjølv om staten har gitt tilsegn om vel ni millionar kroner i støtte.

Og det er av sine eigne ein skal ha det. Planen er torpedert av to fruktlager på vestsida av Sørfjorden, i same del av Hardanger som Utne. På Nå var det fleirtal for nysatsinga, men fleirtalet var ikkje stort nok. Ein overvekt på ti røyster fyller ikkje kravet til 2/3 fleirtal. På Jåstad røysta fleirtalet mot, grunngjeve med at sake ikkje er godt nok utgreidd.

I Ulvik har ein vore sikker på at planen ville bli gjennomført, så sikker at arbeidet med å finna alternativ utnytting av det gamle fruktlageret, er i full gang.

— Dette er dumt, seier leiaren i arbeidsgruppa, Bård Fleten, til Hardanger Folkeblad.

Han meiner at samdrift er einaste måten å overleva på.

— Men det er enda dummare at vi etter mykje arbeid med finansieringa har fått med oss styresmaktene, og når dei seier ja, så seier vi sjølve nei, meiner ein oppgitt gruppeleiar.

Sjølv om tanken på nytt fruktlager er død, kan det bli aktuelt å skipa felles driftsselskap for dei laga som er positive til samarbeidstanken. Dermed kan Hardangerfrukt BA likevel blir ein realitet, sjølv om det merkevarebygging for «Hardanger Frukt» kan bli vanskelegare enn tenkt.

Fruktlagra på Lofthus og Børve, som leverer til Hakon-gruppen (Rimi-Hagen), har heile tida stått utanfor Utne-prosjektet.