Ei fersk meiningsmåling gjennomført av Respons syner at 53 prosent av innbyggjarane seier nei til bompengar, medan 43 prosent seier ja.

Frp har forplikta seg på å følgja rådet frå folket, og gruppeleiar Anita Garlid Johannessen seier til Kystradioen at ho truleg kjem til å røysta imot at Sotrasambandet skal bompengefinansierast og at Frp-gruppa truleg gjer det same.

Dermed må dei to andre samarbeidspartia i Fjell, Høgre og KrF, stola på at mellom anna opposisjonspartiet Arbeidarpartiet vil støtta ei løysing der bompengar utgjer ein vesentleg del av finansieringa.

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy, seier at hennar parti vil ta ansvar og kjem neppe til å velta heile prosjektet.

— Det er likevel utruleg at det største partiet i Fjell vegrar seg for å ta standpunkt i korleis framtida skal vera, seier ho.