I formannskapet gjekk dei fem representantane frå Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti mot at det blir underteikna ein slik avtale med den tidlegare statsråden. Dei fire representantane frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti ville hyre inn Opseth.

Det var Førde-ordførar Aud Viken som tok initiativ til å engasjere Opseth som konsulent. I følgje avtalen som var framforhandla skulle Opseth ha 50.000 kroner i året for å lobbyere for kommunen.