På gårsdagens formannskapsmøte gjekk dei fem representantane frå Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti mot at det blir inngått ein slik avtale med den tidlegare statsråden. Dei fire representantane frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti ville hyre inn Opseth.

På formannskapsmøtet hevda SV-representanten Norvall Nøringset at ein slik avtalen ville vere ei fallitt-erklæring overfor det politiske systemet:

— Politisk arbeid skal gjerast av valde politikarar. At det politiske systemet skal kjøpe konsulenttenester for å drive politikk, blir feil.

Det var Førde-ordførar Aud Viken som tok initiativ til å engasjere Opseth som konsulent. I følgje avtalen som var framforhandla skulle Opseth ha 50.000 kroner i året for å lobbyere for kommunen både mot næringslivet og det rikspolitiske miljøet.

— Omorganiseringane, både i det offentlege og i næringslivet, skjer no så raskt at det er vanskeleg å vere på bana i tide. Eg opplever at dørene har blitt tyngre å opne for distrikts-Norge. Skal vi få til noko må vi arbeide på fleire arenaer, meinte ordføraren.

Viken la ikkje skjul på at ho var skuffa over å få fleirtalet mot seg.

— Eg håpar at alle tek eit skikkeleg medansvar for dette vidare, meinte Viken.