— Slik konsekvensutgreiinga står i dag, er fleire moment knytt til deponiet uklare, skriv Strålevernet i eit brev til Wergeland-Halsvik AS og Norse Decom AS. Selskapa planlegg å etablere eit deponi og behandlingsanlegg for lågradioaktivt avfall frå olje- og gassindustrien.

— Det er rett og slett ikkje gjort ein god nok jobb, seier avdelingsdirektør Per Strand i Statens strålevern til Bergens Tidende.

Anlegget skal leggjast i fjellet ved Sløvåg i Gulen, og kan bli eit sentralt lager for alt slikt avfall frå aktiviteten på norsk sokkel. Regjeringa har tidlegare bestemt at eit slikt deponi for problemavfallet skulle plasserast i Sokndal i Rogaland. Men her har stor lokal motstand skapt vanskar. I vinter sende Stortinget difor saka i praksis tilbake til regjeringa.

Under havnivå

Ei konsekvensutgreiing for Gulen-deponiet har vore ute på høyring, og det er på bakgrunn av innkomne fråsegner at Strålevernet set bremsene på.

I første omgang blir det kravd tilleggsutgreiingar om forholdet til fiskeri og havbruk. Strålevernet saknar opplysningar om det kan bli aktuelt å innføre restriksjonssoner for kommersielt fiske og havbruk i sjøområda som grensar til anlegget.

Dei ønskjer også utgreidd om plasseringa i fjellmassivet kan medføre avrenning til sjø eller om sjøvatn kan trengje inn i deponiet. Årsaka er at sjølve deponiet er plassert under havnivået.

— Når vi får dei tilleggsutgreiingane vi har gitt pålegg om, vil vi sende desse ut på ein ny høyringsrunde. Først når denne er fullført, kan vi nærme oss ei godkjenning av planane, opplyser Strand.

Sikre mot kriminalitet

I tillegg til å komme med pålegg om nye utgreiingar, kommenterer også Strålevernet ei rekkje uavklara moment. Utforminga av deponitunnelen og plasseringa av denne i fjellet er ikkje avgjort. Det er ikkje bestemt korleis avfallet skal støypast inn. Tidsplanen er urealistisk, og har alt sprekt. Søknader om drifts-, lagrings- og utsleppsløyve skulle, i følgje framdriftsplanane til selskapa, vore sende styremaktene for månader sidan. Wergeland-Halsvik og Norse Decom har ikkje planlagt korleis deponiet skal følgjast opp etter at det er lukka.

Eit punkt som blir understreka av Strålevernet er at dei meiner selskapa har teke for lett på å sikre anlegget mot kriminalitet.

— Sikring mot inntrengjarar er ikkje belyst godt nok. Ei nærare skildring av dette vil vere ein føresetnad for å få løyve til drift, heiter det i brevet.

Ågotnes og Florø

Oljeindustrien, som i all hovudsak produserer dette avfallet, har heile tida vore svært positive til Gulen-alternativet. Planen er å sprengje ut tunnelar for å lagre fleire hundre tonn radioaktivt avfall på Stanganeset i Sløvåg. For oljeselskapa har avfallet, som kjem frå avleiringar frå olje- og gassproduksjonen, vore ei mare gjennom fleire år. Hittil har det vore ført til oljebasane på Ågotnes og i Florø.

Gulen kommunen har stilt seg positiv, først og fremst fordi dette vil gje arbeidsplassar og millioninntekter. Kommunen vil få ein eingongskompensasjon på fleire millionar, og dessutan 40.000 kroner for kvart tonn avfall som blir lagra. I motsetnad til Sokndal, har det ikkje vore nemnande motstand mellom bygdefolket i Gulen.

— Vi oppfattar det slik at Sokndal framleis er aktuell som sentrallager. Dersom vi skulle ende opp med at verken Gulen eller Sokndal er aktuelle, vil det vere svært uheldig, seier avdelingsdirektør Strand.