— Vil dei ikkje ha det, så skal dei ha det, seier den nyvalde fylkesvaraordføraren, Tom-Christer Nilsen (H).

At elevar skal få velge den videregåande skulen dei vil, var ei av Høgre og Framstegspartiet sine flaggsaker i fylkesvalkampen. Målet deira er at den nye ordninga skal gjelda frå inntaket til skulestart hausten 2004.

— Vi er mot fritt skuleval fordi valet vert fritt berre for nokre få; dei med dei beste karakterane. Då endar det med at vi får ei oppdeling i A- og B-skular i Hordaland. Av den grunn har vi vedteke på våre møte å gå i mot ei ordning med fritt skuleval, seier leiar for Elevorganisasjonen i Hordaland, Kjetil S. Andersland, til Bergens Tidende.

— Valfridomen vil gjelda mellom 5 og 10 prosent av elevane. Dersom dette fører til ei oppdeling i A- og B-skular, så vil eg påstå at vi alt har det i Hordaland, seier Tom-Christer Nilsen.

I haust går det ca. 17.000 elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland.

Skal sikre distrikta

Andersland gjer det klårt at Elevorganisasjonen vil arbeida aktivt inn mot partia i det nye fleirtalet for å påverka haldninga deira. Det er venta at fylkestinget på møtet i desember vil vedta fritt skuleval frå hausten 2004.

Om dei har nokon sjanse til å vinna fram, så måtte det vera hjå Kristeleg Folkepartiet. I fylkesvalkampen var partiet verken for eller i mot fritt skuleval. Teamet var ikkje nemnt med eit ord i valprogrammet. Men no er fritt skuleval slege fast i den politiske plattforma for fleirtalskoalisjonen, der også Pensjonistpartiet er med.

— Det var med vilje at vi ikkje nemnde fritt skuleval i valprogrammet. Men vi vil innføra «kapasitetsstyrt fritt skuleval». Det vil seia at ingen skular skal utvidast for å ta i bruk fleire elevar enn dei har plass til i dag. Dette set klåre grenser for valfridomen, men samstundes sikrar det og at dagens skulestruktur med mange skular ute i distrikta vert halden oppe, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, KrF.

Fare for yrkesfaga

I Utdanningsforbundet kjenner dei seg ikkje trygge på det.

— Eg arbeider på Osterøy vidaregåande skule. Der er det mange elevar som kunne tenkja seg å gå på skule i Bergen om dei kunne velja. Med fritt skuleval er eg redd for at skulane i Bergen fyller opp klasseromma, og at til dømes Osterøy vidaregåande til slutt står at berre med dei yrkesfaglege linene. Då er det fare for heile skulen, og vi risikerer å få ei utarming av yrkesfaga, seier Mildred Kronborg Økland, som er nestleiar i seksjon vidaregåande skule i Utdanningsforbundet i Hordaland.

— Om eg ser 3-4 år fram i tida, så er det grunn til uro. Fritt skuleval kan gje ein lekkasje innover mot Knarvik, seier Magnus Kvingedal, som er rektor på Austrheim vidaregåande skule i Nordhordland.

— Fritt skuleval vil setja oss mange år attende. Det kan verta særleg vanskeleg for Austrheim vidaregåande, der dei strevar for å halda opp eit variert utval av liner, seier Liv Oda Dale, som er Ap si talskvinne i skulesaker.

Senterpartiets Mali Grete Aksnes var inntil tysdag leiar i komité for næring og utdanning i fylkeskommunen.

— Det er ikkje eit gode for Hordaland dersom vi får fritt val der berre karakteren skal telja. Skulen skal også utvikla elevane sosialt. Då er det viktig at elevflokken er samansett mest mogleg slik det er i samfunnet elles. Med fritt skuleval får vi ei utsiling og ei lagdeling mellom gode og dårlege skular, seier Mali Grete Aksnes.