• Dette er nesten som tvillingar, seier mor Monica Hjelmeland (25).

Babyen Hilde var berre ti veker gammal då Monica Hjelmeland (25) i april i fjor oppdaga at ho var gravid igjen. Og før året var omme – nærmare bestemt 27. desember – fødde ho barn nummer to i 2010, skriv avisa Grenda.

— Det var ikkje heilt planlagt dette. Det blir neste som tvillingar, og vi ser mange praktiske sider med det. Når barna byrjar på skulen får vi samla foreldremøte og konfirmasjonar innanfor same året. Dei får også gode leikekameratar i kvarandre, seier Hjelmeland til bt.no.

Nyfødde Ådne er yngstemann i familien på fem som også tel pappa Asgeir (24) og eldstebarnet Jan Olav (4).

Omvikdalen i Kvinherad har innført babypremiering for å oppretthalda folketalet. Ein pengepremie på 15.000, og ein på 5.000 kroner blir trekt ut blant foreldra som fekk baby i løpet av året.

— I 2010 trur eg berre det blei født sju ungar i bygda. Vi kan vinna både fyrste- og andreplassen, men dette var altså ikkje motivasjonen, seier ho.

— Vi har verkeleg lagt oss i selen for bygda og skulen, kommenterer barnefaren.