Då Per Einar Sønnesyn fekk hjartestans under ei treningsøkt på Fana stadion for to år sidan, la Haukeland-legane rett og slett mannen på kjøl.

Internasjonale studier viser at nedkjøling etter hjartestans har god effekt. Det same gjer tala frå Haukeland Universitetssjukehus, som har brukt metoden systematisk sidan 2004.

_Les også:

Dobbelt så mange overlever_

Godt over halvparten av pasientane som blir innlagt på grunn av plutseleg hjartestans, blir utskrivne i live. For få år tilbake overlevde berre ein tredel.

Kjølt ned til 33 grader

Hjartet til Sønnesyn stod stille i to minutt, den marsdagen i 2006.

— Eg var død, konstaterer 76-åringen.

Rett nok kjende han seg litt tung i beina, men Sønnesyn bestemte seg likevel for å springe ein siste 400 meter.

I målområdet seig han saman.

— Plutseleg ramla han rett ned og låg flat. Stoppeklokka fauk av garde, fortel treningskompisen Kjell Sælensminde (71), som kom like bak.

(Saka fortsett under biletet)

Ein annan kamerat, Harry Tvedt, sette i gang med hjartekompresjon. Etterpå har Tvedt fortalt at han såg glansen kome tilbake i augo til Sønnesyn.

Opplivingsprosedyren heldt fram i ambulansen. Helsepersonellet la isposar på lysken og i armholene hans.

— Etter elleve minutt gjekk hjarta av seg sjølv igjen, fortel Sønnesyn.

På Haukeland låg han i kunstig koma i fleire dagar. Dei første 24 timane var han kopla på ei kjølemaskin, som heldt kroppen stabilt på 33 grader.

Sognamaol i ørska

Då Sønnesyn vakna ein sundag morgon, var han nokså forvirra.

Knut Strand

— Eg snakka reint sognamaol, slik eg gjorde i gutedagane i Hafslo i Luster. Familien lurte nok på korleis dette skulle gå, seier den tidlegare presten og folkehøgskulemannen.

Etter 14 dagar var han på beina igjen, og etter endå ei veke fekk han kome heim til Landås. På rehabilitering vart det konstatert at Sønnesyn var skadefri. I dag kan han ikkje få fullrost hjarteavdelinga på Haukeland.

— Så flinke folk og så personleg engasjerte! Meir storveges kan det ikkje bli, seier Sønnesyn.

(Saka fortsett under biletet)

Knut Strand

Sidan har han blant anna feira gullbryllaup i Danmark saman med kona Liv og familien.

— Dei åra eg får no er bonus. Eg tek ein dag om gongen, og skal vere budd på døden, når han kjem.

- Trening god livsforsikring

Ingen av treningskameratane hadde rekna med å sjå han på ei idrettsbane igjen, men Sønnesyn let seg ikkje skremme. Etter kort tid var han tilbake på trening. To økter i veka, akkurat som før.

— Gular er ein viktig del av livet. Vi har omsut for kvarandre i denne mannfolkgjengen, og støttar kvarandre om nokon blir sjuke, seier Sønnesyn.

— Dessutan veit eg at det å halde seg i form er ei god livsforsikring fleire burde koste på seg. Etter det som skjedde er eg blitt endå meir glad i livet, men også mindre redd for å døy.

Send ei helsing i kommentarfeltet under!

Knut Strand
PRIVAT
Knut Strand