For eit heilt døgn er nedbørsrekorden i november 150 millimeter på Takle, rekna som mest nedbørrike staden i landet. Det kraftige regnvêret førte til problem på fleire mindre vegar i Gulen i går. Fylkesvegen mellom Austgulen til Takle var stengd på grunn av flaum. Og mellom Bekke og Ynnesdal like ved fylkesgrensa til Hordaland stengde eit ras vegen.