Navarsete vil ha bygg i strandsona
Gløym byggjestans à la Oslofjorden! Statsråd Navarsete vil mjuke opp reglene, mellom anna i Tysnes og Bømlo.
AV: lena vermedal
Les også:
Fleire kommunar på Vestlandet har i dag like strengt vern som det sentrale austlandsområdet. Sjølv om ho framleis meiner at vi må verne strandsona, opnar ho for å mjuke opp reglane i nokre område.
- Det er ingen tvil om at fleire kommunar har blitt plassert i feil kategori. Det er forskjell på Bømlo og Oslofjorden.
Det sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til bt.no før ho la ut på tokt med Samarbeidsrådet for Sunnhordland fredag. Båten gjekk frå Leirvik i 13-tida med eit koppel av ordførarar frå Sunnhordland og media om bord.
Dei nye retningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona er venta ferdig før årsskiftet, men tautrekkinga i Regjeringa går føre seg enno.
Navarsete er tydeleg på at ho ønskjer seg fleire justeringar i forskrifta.
- Lokalt sjølvstyre og geografisk differensiering må bli betre ivareteke enn i framlegget som gjekk ut på høyring, seier ho.
Smekk til byråkratane i Oslo
Ho vil ikkje gå ut med konkrete namn på kommunar som bør handsamast mindre strengt enn områda i Oslofjorden, men nemner at fleire kommunar i Sunnhordland er i tankane hennar.
- Din partikollega, Helge Hauge, er ordførar i ein kommune som slit med fallande folketal, men blei likevel plassert i strengaste kategori. Er Tysnes blant kommunane du vil omplassera?
- Ja, Tysnes er eit eksempel.
Opplysinga gler ordførar Helge Hauge (Sp) om bord i båten før sjøtoktet.
- Eg forstod aldri kvifor me blei plasserte i strengaste kategori. Dette har eg hatt dialog med statsråden om, seier han.
Navarsete meiner vidare at kommunane må få større rom for kommunal arealplanlegging enn dagens system legg opp til.
- Det er kommunane som kjenner den lokale geografien best. I deler av kommunane kan det vera stort press, medan andre stader kan det vera mindre byggjepress.
- Byråkratane i Oslo skal ikkje sitja med fasiten. Dei bør ikkje bestemma om det skal byggjast naust på Møkster i Austevoll, legg statsråden til.
- Føler seg rettslause
Ho har blitt kontakta av mange vestlendingar som føler seg rettslause og utan råderett over eigen eigedom som følgje av det strenge byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjø.
- Stormen Inga raserte naust langs kysten, men eigarane får ikkje byggja opp att. Kva seier det deg?
- Slike saker ønskjer eg å gå inn i. Dette grip sterkt inn i rettskjensla til folk. Folk må få høve til å byggje opp att hus og naust som er skadde av brann eller storm. Eg trur dette er eit framlegg som det er forståing for, seier Navarsete.
- Få saker skaper slikt rabalder på Vestlandet som byggjeforbodet i strandsona. Har regjeringa bomma fullstendig i framlegget til dei nye retningslinene?
- For min eigen del må eg berre seia at Senterpartiet ikkje fekk nok gjennomslag i første runde, men me ser at dersom det skal bu folk i dette landet, må me justera retningslinene, seier ho.
- Nok av ledig areal
Sunnhordlandskommunane har fått pilotstatus i strandsona og jobbar no med å utarbeida ein interkommunal plan for differensiert strandsoneforvaltning. I samband med dette er det utførd ei kartlegging av ledig strandsone. BT har tidlegare omtalt at det er dobbelt så mykje ledig areal til fritidsføremål i Sunnhordland, som det nasjonale statistikkar frå SSB syner.
- Som vestlending har eg reist land og strand rundt, og eg treng ikkje vera vismann eller statistikkar for å sjå at her er nok av ledig areal, seier Navarsete.
Les også
Les også
Bør det verte lettare å få byggje i strandsona? Sei di meining i feltet under!
Les også
Siste fra Lokalt
Relaterte bilder