Fylke som er interesserte i å prøva dette, må søkja om pengar frå potten innan 20. august. Departementet krev i tillegg sjølvfinansering frå fylka.

— Vi er alt i gang med å utarbeida søknaden, seier fagleiar Thorbjørn Aarethun ved samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune til Bergens Tidende.

Tiltaket frå samferdsleministeren er ei oppfylgjing av Soria Moria-erklæringa, som er Stoltenberg-regjeringa sin politiske grunnvoll. Der står det m.a. at regjeringa vil utvikla eit kollektivtilbod i distrikta som er tilpassa brukarane sine behov. Det skal gå på hentetenester og tingingsruter i samspel mellom drosje, buss, båt og tog.

Tanken som ligg under dette, er at det stadig vekk er viktige brukargrupper som ikkje berre kan setja seg i bilen og køyra. I hovudsak gjeld det dei yngste og dei eldste. Desse er ofte avhengige av hjelp frå familie og vener for å koma seg til og frå ulike tenestetilbod og fritidsaktivitetar.

I Kvam herad har tidlegare ordførar Martin Vik merka seg utspelet frå Navarsete.

— Her i Kvam kunne vi tenkja oss ein ringbuss som køyrde ruter inn til kommunesenteret Norheimsund frå Øystese, frå Steinsdalen og frå Strandebarm. Hovudsakeleg langs riksvegen, men vi kunne godt hatt ruter langs gamlevegen over høgda mellom Øystese og Norheimsund, seier Martin Vik, som er Senterpartiet sin ordførarkandidat i Kvam.