Nyordninga med personlege røyster ved fylkestingsvalet viser seg å ha gjort tre utslag ved fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane.

Mobiliseringar

Sogningane har mobilisert kraftig for andrekandidat Navarsete på Sp-lista, og ho passerer dermed Sandal. Navarsete fekk 2593 personrøyster mot Sandals 2521.

Mobiliseringar i heimkommununane har ført til to andre endringar. Edith Aarebrot Madsen frå Flora rykkjer opp frå fjerdeplass til andreplass på Høgre-lista. Og Johanna Nygjerd frå Stryn seglar inn i fylkestinget med andreplass på KrF-lista. Ho stod i utgangspunktet som nummer fem.

Seks komunar utan representasjon

Den endelege oppteljinga etter fylkestingsvalet var ferdig onsdag kveld. Resultatet viser at seks kommunar i fylket blir utan representasjon i det nye fylkestinget. Det er Naustdal, Fjaler, Solund, Vik, Balestrand og Aurland.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane får slik samansetjing dei kommande fire åra (kommune i parantes):

Senterpartiet: Liv Signe Navarsete (Lærdal), Nils R. Sandal (Gloppen), Erling Sande (Bremanger), Knut M. Olsen (Jølster), Margreta Navelsaker (Eid), Laila Melkevoll (Stryn), Kjellaug Veivåg Høyvik (Askvoll), Asbjørn Lihaug (Gulen), Nils Gjerland (Førde), Jarle Skartun (Sogndal), Jenny Følling (Gaular), Per Kjøllesdal (Stryn).

Arbeidarpartiet: Tor Bremer (Luster), Åshild Kjelsnes (Flora), Cecilie Thaule Løvlid (Hornindal), Harry Mowatt (Hyllestad), Arne Hovland (Årdal), Kjartan Longva (Høyanger), Tord Dale (Flora), Jorunn Eide Kirketeig (Førde), Gunnvor A. Sunde (Gloppen), Roger B. Silden (Vågsøy).

Venstre: Harald Lindvik (Flora), Liv Henjum (Vågsøy), Rolf Nesheim (Leikanger), Siv Langøen Rotevatn (Eid).

Høgre: Mathias Råheim (Gaular), Edith Aarebrot Madsen (Flora), Liv Stave (Selje), Ove Grimstad (Sogndal).

Framstegspartiet: Jostein Kvalsvik (Førde), Åge Starheim (Selje), Elin-Merete Førde (Bremanger).

Sosialistisk Venstreparti: Norvall Nøringset (Førde), Signe-Andrea Henden (Sogndal), Hilde Kvamsås Aa (Flora).

Kristeleg Folkeparti: Svein Ottar Sandal (Gloppen), Johanna Nygjerd (Stryn), Norunn Lunde Furnes (Gaular).