Nominasjonsmøtet på Nordfjordeid blei gjort unna på rekordtid i dag. Det var aldri debatt om lista, og nominasjonsdelen av møtet skal ha blitt avvikla på fem minutt.

På plassen bak statsråden og partileiaren frå Lærdal står Erling Sande. Glopparen stod på andreplassen også for fire år sidan, og møter fast på Stortinget så lenge Navarsete sit i regjering.

På plassane vidare nedover har partiet nominert Knut M. Olsen frå Jølster, Sandra Strandos, Høyanger, Nils Myklebust frå Vågsøy og Jenny Følling, Gaular.