UDI brukar Posten til å kommunisera med statsetaten Nav. Det kan lett bli einvegskommunikasjon.

— Hjå Nav blir brev som kjem i konvolutt liggjande uopna. Dei har hendene fulle med saker som kjem inn med e-post. Slik har vi fått det forklart, seier Frode Solbakk, leiar av Voss Raftingsenter.

E-post hjelpte

To månader av raftingsesongen var gått utan at Tabuya Sibanda hadde vist seg på Voss. Etter ein del detektivarbeid, med god hjelp av Voss lensmannskontor, fekk Solbakk oppspora søknaden om arbeidsløyve - i ein uopna konvolutt hjå Nav Hordaland.

Ein e-post frå Raftingsenteret var det som skulle til. Mindre enn to timar seinare var saka ekspedert.

  • UDI hadde bede om ei heilt unødig uttale om trongen for utanlandsk arbeidskraft her ved senteret. Dette visste dei frå før. Tabuya har vore her kvar sommar sidan 2007, og fått løyve kvar gong, seier Solbakk.

Husbyggjar

Sommarjobben, eller rettare sagt vinterjobben, på Voss gir Sibanda von om å kunne byggja seg eige hus i heimbyen Victoria Falls i Zimbabwe. Pengane han har tent til no, har kona forvalta vel. Familien på fem, pluss ei niese, bur i eit toroms husvære.

  • Spartansk, men langt betre enn skura som er vanleg i området, seier arbeidskamerat Birger Rokne, som har vitja «Tabs» i Zimbabwe.
  • Dessutan har eg kjøpt tomt. Om lag ein kilometer frå sentrum i Victoria Falls, seier Sibanda.
  • Kunne du hatt råd til eige hus på løna i heimlandet?
  • Det hadde vore heilt urealistisk. Ikkje ein nubbesjanse!
  • Korleis gjekk det til at du kom hit?
  • Frode Solbakk var i Zimbabwe for å snakka med ei kollega av meg på Zambezi, ein som har vore i Noreg. Det enda med at eg fekk tilbod om jobb på Voss.
  • Stor skilnad på Zambezi og Raundalselva?
  • Elva her er meir teknisk krevjande fordi ho er grunnare og har mykje meir stein.

- Ekstra ille for afrikanare

Papirarbeid for utanlandske medarbeidarar ved raftingsenteret har skapt mykje hovudbry for Frode Solbakk. At instruktørar stiller eit par veker for seint på jobb, høyrer til dagens orden. For afrikanarar er det blitt ekstra ille.

  • Ei tid kunne vi senda ein gruppesøknad for alle utlendingane i god tid. Det var nok å gje opp talet i første omgang. Seinare var det berre å senda inn namneliste.
  • Kva er endra?
  • Ordninga vart fjerna då EØS-reglar også vart gjort gjeldande for nasjonar som Australia, New Zealand, USA og Canada, som har gode raftinginstruktørar. Dei kan søkja arbeidsløyve når dei er komne til landet. For Zimbabwe og ein del andre afrikanske land, er det blitt vanskelegare.

Gir opp Afrika

Papirarbeidet har fått Solbakk til å slutta å hyra inn instruktørar frå Zambezi. Bortsett frå Tabuya Sibanda, eller «Tabs» som han har vert kalla i raftingmiljøet.

— Det har med empati å gjera. Tabuya er ein seriøs familiemann som kjem for å jobba. Han er dyktig, og godt likt blant medarbeidarar og kundar. Eg vonar at også UDI innser at han ikkje kjem for å driva kriminalitet eller ulovleg opphald.

  • Kva blir problemet neste år?
  • Skulle ikkje forundra meg om det dukkar opp noko nytt. Vi får divere ikkje bruka han til sesongslutt i år. Lova pålegg han seks månadene ute av landet før sesongstart 2011. Han får med søknadsbilag til å tetta alle hol vi veit om.

Kva meiner du om at NAV ikkje opnar posten sin? Diskuter saken under!