Fylkesmannen i Sogn og Fjordane knuser ferieidyllen til ein nausteigar i Fjell kommune. Eigaren har no fått endeleg pålegg om å riva bad, vass— og avlaupsleidningar, romdeling, varmtvasstank, glasdør og fem vindauge, skriv Fylkesmannen i Hordaland på si nettside.

— Mange har innreia naust. Denne saka er med på å trekkja opp nokre grenser for kva som er lovleg og ulovleg innreiing, seier Ståle Øvrebø, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Hordaland.

Naustvedtaket er prinsipielt viktig og kan gje presedens i liknande saker, meiner fylkesmannsembetet i Hordaland.

Oppdaga gjennom annonse

Det var gjennom ein salsannonse at Fjell kommune i 2003 oppdaga at naustet hadde bygningsmessige avvik frå løyvet som var gitt. Sjøhuset var berre godkjent som naust og kunne ikkje innreiast eller nyttast som hytte, ifølgje sakdokumenta.

Den nye eigaren som overtok naustet same året sende inn søknad om bruksendring frå naust til rorbu/fritidsbustad. Søknaden blei derimot avslegen fordi bruken ikkje var i samsvar med arealdelen i kommuneplanen.

I 2008 blei naustet på ny lagt ut for sal. Igjen blei Fjell kommune merksam på utførde arbeid i bygget. Kommunen drog på innvendig synfaring og gav deretter pålegg om fjerning av innreiinga.

- Sjokkerande

Saka har vore heilt til settefylkesmannen i nordfylket for avgjerd, men nausteigaren fekk ingen nåde. Kommunen sitt vedtak blei i hovudsak stadfesta.

Nausteigaren slepp derimot å fjerna isolasjon og panel frå veggene og innreiing av ein kjøkenkrok.

— Eg føler me blir hengt ut i ein gapestokk. Det er heilt forferdeleg, seier nausteigaren som ikkje ønskjer namnet i avisa.

Ho fortel at ho kjøpte naustet i 2003 og at den tidlegare eigaren hadde informert kommunen om kva tiltak som var gjort. Dei skal aldri ha fått respons på brevet frå kommunen, ifølgje kvinna.

— Kommunen har visst om kva som var i dette naustet sidan 2003. Det er sjokkerande at eit forvaltningsorgan kan halda på slik.

Ho vil venta på svar frå Fjell kommune før ho tek stilling til rivingspålegget.

— Siste ord er truleg ikkje sagt i denne saka, legg ho til.

- Kjøpa katta i sekken

Seniorrådgjevar Ståle Øvrebø meiner både kjøparar og eigedomsmeklarar må bli flinkare til å undersøkja kva bruk som er godkjent når eigedommar kjem for sal.

— Ta ein telefon til kommunen og sjekk kva bygget er godkjent som. Ikkje kjøp noko før du veit sikkert. Elles risikerer du å kjøpa katta i sekken, seier Øvrebø.

Fylkesmannen i Hordaland arbeider òg med å instruera meklarbransjen til å informera betre.

— Meklarane må bli meir merksame på problemstillinga og opplysa folk om reguleringsstatus. Naust er ikkje det same som ein fritidsbustad.