olderkjær— Det er skuffande at ein profilert SV-ar ikkje greier å stå imot presset frå utbyggingsinteressene og seia nei til utbygging, seier Ingar Flatlandsmo, leiar i Naturvernforbundet Hordaland.

Ifølgje Naturvernforbundet er det uråd for utbyggjar Sunnhordland Kraftlag (SKL) å realisera Tøsse kraftverk på Oddny Miljeteig sin eigedom på Eikemo i Etne utan å leggja Eikemofossen i røyr. Forbundet peikar også på at ei planlagt kraftline gjennom Skreddalen vil skjemma eit særmerkt landskap med stor verneverdi.

Til Bergens Tidende har Oddny Miljeteig sagt at ho ikkje aksepterer skjemmande naturinngrep og fossen lagt i røyr som følgje av utbygginga. Miljeteig - SV sin gruppeleiar i Bergen bystyre - har skrive avtale med SKL om fallrettar for ei utbygging til ein 23 GWh stor produksjon.

— Naturverdiane i området rundt Folgefonna nasjonalpark, som er av stor nasjonal og internasjonal verdi, vil bli forringa av denne utbygginga. Vi ber derfor Miljeteig trekkja seg frå avtalen med Sunnhordland Kraftlag. Ho burde heller arbeida med å få verna øvre delen av vassdraget og utvida nasjonalparken på Folgefonna, seier Ingar Flatlandsmo.