Etter at gassanlegget på Kollsnes måtte stenge i to månader, og skipet som skulle frakte gassen har vore forsinka i fire månader, kunne endeleg Naturgass Vest kome i gang med gassleveransar frå båt i går.

— Det er gøy å vere i gang etter tre år med planlegging og bygging, seier konstituert administrerande direktør Wenche Teigland (37).

Ho tek imot BT saman med produksjonssjef Trude Gullaksen (42). Vi skal få vere med den nye båten på jomfruturen som skal gå frå Kollsnes til Ågotnes.

Båten, som vart levert frå reiarlaget Knutsen OAS Shipping laurdag, er den minste i verda som fraktar flytande naturgass. Prisen på skipet er dryge 100 millionar kroner, men Naturgass Vest har inngått leigeavtale på 15 år.

For å gjere gassen flytande, må den kjølast ned til minus 160 grader. Då kan han fraktast vidare til kundane med båt eller bil, som er rimelegare enn røyr over lengre avstandar. Kjøleanlegget ligg på Kollsnes.

Fleire kundar

Trass i at båten ikkje har vore i drift før no, har Naturgass Vest levert flytande gass til sine industrikundar her på Vestlandet sidan i fjor sommar. Då har gassen blitt levert med bil. Biltransport tyder at ein ikkje kan levere like store mengder gass som ein kan frå båt. Etter planen skal Naturgass Vest levere gass frå Sunndalsøra i nord til Husnes i sør. Og frå 2005 skal skipet kunne gå heilt til Grenlandsområdet.

— Det er mykje meir økonomisk å transportere gass i båt enn i bil. Vi kan frakte gass til kundar i ein radius på 100 til 200 kilometer frå Kollsnes, seier Teigland.

Trude Gullaksen peikar på at marknaden for bruk av naturgass i Noreg er stort. Med båt kan ein nå fleire kundar over eit større område enn før. Mellom anna er Haukeland sjukehus og Toro kundar hos Naturgass Vest.

— Naturgass er ei ny og miljøvenleg energikjelde i Noreg, seier Gullaksen.

Selskapet hentar gassen sin frå Statoil sitt gassanlegg på Kollsnes, kjøler den ned til flytande form og lastar den inn i skipet.

Utfordring

I går var dei to tankane i «Pioneer Knutsen» berre halvfulle, lasta med gass som drivstoff til to forsyningsbåtar som går i Nordsjøen. Onsdag skal båten til Hydros anlegg på Sunndalsøra. Teigland reknar med å kunne utnytte kapasiteten fullt ut om nokre år.

— I år reknar eg med 50-60 prosent utnytting av kapasiteten, seier ho.

Dei to kvinnene som sit i leiargruppa står framom ei stor utfordring. Bruk av gass innanlands er noko ganske nytt i Noreg.

— Det er nytt og det er miljøvenleg. I tillegg er det spennande å vere med og bygge opp noko nytt, seier Trude Gullaksen.

I fjor var driftsinntektene til selskapet rundt 30 millionar kroner. Investeringane i anlegget på Kollsnes og i seks terminalar i distriktet har vore på totalt 270 millionar kroner.

— Eg håper vi kan ha stabil drift i løpet av dette året, seier Teigland.

FØRSTE TUREN: Administrerande direktør Wenche Teigland (til v.), produksjonssjef Trude Gullaksen og prosjektleiar Tomas Fiksdal i Naturgass Vest var i går med på den første turen i båten som skal levere flytande gass på Vestlandet. <br/>Foto: GIDSKE STARK