Erlend Spurkeland

Klokka har passert to. Førjulsnatta er overskya og kald. Adventsstakar lyser i sovande hus. På guterommet i Knarvik er Jørgen L. Johannessen (20), verdsmeister i «counterstrike»,nett ferdig med dagens treningsøkt.

Klassebilete, fotballpokalar og oppreidd seng. System. Ikkje cola og halvetne pizzarestar her. Skjerm, mus, tastatur og ei susande datamaskin. Online 24 timar i døgnet.

— «Counterstrike» er eit skytespel. Det største spelet på nettet. Me er fem som spelar på lag, fortel internettspelaren folkeleg og gjev opp fagleg forklaring av spelet til ein utanforståande. FPS, community, beta, CS, clan, CPL... For mange kodar, forkortingar og norwenglish til at det får meining.

Han er heimom nokre dagar og ladar opp til VM i Dallas i helga. Som i annan toppidrett er det få pusterom i sesongen. Tida går i trening, søvn og reising mellom store konkurransar i Europa, USA og Østen.

Ukjent kjendis

På turneringa på Hyatt hotell i Dallas er han kjendis. Har vore der fleire gongar før. Skriv autografar og vert intervjua på fjernsyn. 63 lag frå heile verda er påmelde. Tusenar følgjer spelet på nett og storskjerm.

«Mr. Johannessen from Norway» spelte tidlegare på det svenske verdsmeisterlaget. No er han nestor på det heilnorske favorittlaget EOLITHIC, etter nyleg å ha slått dei regjerande svenskane i ei turnering i Finland. Laget har eigen manager, har hatt to treningsleirar i Trondheim, har vore i Tyskland. Skal til Paris etter jul. Forma held dei ved like via felles treningstid på nettet mellom 18 og 23, seks kveldar i veka. På den sjuande kviler dei.

Spørsmålet om det er ein utbreidd idrett vert kjapt parert med tastetrykk, og opplysningar på skjermen om at nett no spelar over 87 000 personar «counterstrike» på nettet.

Gammalt tema

I «counterstrike» er det to grupper; terroristar og antiterroristar. Det gode mot det vonde. Som i «cowboy og indianar». Ein kamp består av tjuefire rundar a tre minutt.

— Du må vera kjapp, taktisk, tenkja offensivt og tenkja defensivt. Tenkja heilskap. Forflytta personar. Erobra posisjonar. Sjå framover. Nett som i sjakk. Men litt meir action. Via headset kommuniserer han med lagspelarane sine rundt om i landet. Lange fingrar flyg over tastaturet. På skjermen poppar det opp knivar, granatar og maskinpistolar. Folk fell om. Nye scenario, eksplosjonar og situasjonar pøser på - og vert klarert via den optiske musa.

— Ingen alvorlege skadar hittil, ler Jørgen. - Men eg har fått ein kul her, forklarar han og viser slitasjeutveksten på høgre handledd.

Driv idrett

Det begynte heime hjå ein kamerat for tre år sidan. Etter det var Jørgen hekta.

Dei to siste åra har han spelt lagturneringar. London, Paris, Køln, Amsterdam. Vore på vinnarlaget i VM. Men ingen stolt ordførar med kjede har tatt imot ved heimkomst. Flybuss eller ein tolmodig far har vore einaste velkomstkomité. Tid til å ta sertifikat har han ikkje hatt. Heller ikkje til tv-titting. Han har førebels tatt eitt friår frå utdanning og jobb for å spela «counterstrike» - utan å ha dårleg samvit av den grunn. Han hevdar bestemt at det er idrett han driv. Nemner fellesmoment som trening, konkurransar, at dei er organisert, og at dei er mange utøvarar.

— Korfor er det meir akseptert å vera standard «idrettsidiot» enn «spelidiot»? spør den treningsnarkomane.

Framtid

Korfor han spelar? Som i all toppdrett, sjølvsagt: For å verta best. Og på toppnivå er det ikkje berre nok å vera god, er Jørgen sin analyse.

— Du må i tillegg «ha dagen». Vera mentalt sterk. Kunna takla press. Eigenskapar han har. Trur han kjem til å vera med så lenge han hevdar seg blant dei beste, så lenge det er moro, han får reisa, og treffer nye kameratar. Etterpå vert det universitetsstudiar.

— Truleg til stor lette for familien, ler toppspelaren. Sosialt liv utanom skjermen vert det lite av, men han har skaffa seg kjærast. Via nettet, sjølvsagt.

— Hadde flaks, og trefte ei frå Tyskland. Måtte nesten verta sånn sidan eg ikkje har tid på andre måtar.

TOPPIDRETT PÅ GUTEROMMET: I barndomsheimen i Knarvik driv Jørgen L. Johannessen med dagens treningsøkt. 20-åringen er verdsmeister i «counterstrike». <p/>Foto: ERLEND SPURKELAND