Då mannen oppdaga tomflaskene som stod lagra utanfor ein restaurant i Florø sentrum, blei freistinga for stor.

– Vi har tatt inn ein for naskeri. Han tok tomgodset og panta for nokre få hundre kroner, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding litt over klokka 15 i dag, etter at innehavarane av restauranten oppdaga at flaskene var vekke.

– Då vi var på staden kom mannen tilbake for å hente fleire flasker. Han har erkjent forholdet, seier Solvåg.