I Nordfjord og på Sunnmøre ligg nokre av verdas største førekomstar av steinsorten olivin. På Åheim i Vanylven kommune ligg statsselskapet AS Olivin, eit av dei beste papir i landet. I løpet av våren kjem selskapet, eigd av nasjonen Norge, på amerikanske hender.

Går i protest

På Åheim har dei over 200 tilsette kvart år levert resultat dei fleste norske bedriftsstyre kan sjå langt etter. Men no vil ikkje den norske stat lenger ha millionane i utbyte. Bedrifta er til sals. Om kort tid får truleg amerikanskeigde North Cape Minerals full kontroll. Med på lasset enorme mineralressursar for mannsaldrar framover.

— Den norske stats industripolitikk går ut på å selje det dei eig i Norge, og investere i utlandet, seier Ola Øverlie. Han har i 23 år vore toppsjef i AS Olivin.

Øverlie har protestert kraftig mot salet av hjørnesteinverksemda i Vanylven kommune. No tek han konsekvensen av å ha tapt kampen for at naturressursen framleis skal vere på norske hender.

— Den dagen salet er gjennomført går eg av, seier Øverlie. Det skjer i protest.

Leiande i verda

Olivinstein finst i enorme mengder i Nordfjord og på Sunnmøre. Steinen har ei rekkje bruksområde, mellom anna som slaggdannar i stålindustrien, ballastmasse i oljeinstallasjonar, formsand i støypeindustrien og til sandblåsing.

Ein av dei store fordelane med olivin i stålproduksjonen, er at mineralet ikkje frigjev CO2 til atmosfæra ved oppvarming, slik konkurrenten dolomitt gjer. Bruk av olivin i staden for dolomitt, reduserer CO2-utsleppa på årsbasis tilsvarande samla utslepp frå alle bensindrivne køyretøy i Norge.

AS Olivin er verdas leiande produsent av olivinbaserte produkt. Berre i USA og Kina finst tilsvarande førekomstar av det verdfulle mineralet.

Ei gullgruve for staten

Den siste mannsalderen har selskapet vore ei mjølkeku for nasjonen Norge. I regelen har selskapet kvart år levert resultat på godt over ti prosent av omsetnaden. Frå 1980 og til i dag har A/S Olivin tilført staten 230 millionar kroner i utbyte. I tillegg blei 49 prosent av aksjane selt for to år sidan. Pris: 400 millionar.

— Eg trur ikkje nokon kan påstå at vi ikkje har levert varene, seier Øverlie.

AS Olivin er eitt av tre statsselskap som det no blir arbeidd aktivt for å selje. Dei to andre er alkoholprodusenten Arcus og SND Invest.

— For Olivin hadde vi ein bodfrist før jul. Arbeidet med å selje verksemda går for fullt, seier direktør i eigarskapsavdeling i Næringsdepartementet, Morten Kallevig.

Har forkjøpsrett

Etter det BT kjenner til har det dei siste månadene blitt ført samtaler med fleire av selskapa som la inn bod før jul. Mellom desse skal vere det svenske konsernet LKAB, som driv gruvene i Kiruna.

Men sjølv om fleire vil ta over, sit eitt selskap med esset i ermet. For to år sidan selde staten 49 prosent av aksjane. Kjøpar var North Cape Minerals (NCM), eit amerikanskeigd selskap som driv verdas største olivingruve i Lefdalsbygda i Eid. For samstundes med aksjekjøpet, sikra NCM seg forkjøpsrett til resten av AS Olivin. Når bodrunden er over, kan NCM gå inn og sikre seg full kontroll ved å by like mykje som høgaste bod.

— Vi har signalisert at vi er interesserte i å overta resten av selskapet, seier administrerande direktør Birger Solberg i NCM til Bergens Tidende.

— Det betyr vel i praksis at NCM tek over?

— Det er klart vi ligg godt an sidan vi har forkjøpsrett.

STORE SALAR: Olivinsteinen blir vunne ut i store salar djupt under havoverflata. Grunnvatnet som sig inn nesten 100 meter nede smakar klart av salt.<p/>FOTO: ØYSTEIN TORHEIM