No er Høyangerýmannen som hadde hand om det 5,3 kilo store hasjpartiet, dømd til fengsel i to år og fire månader.Natt til søndag 14. januar i år vart sogningen i 20ýåra stoppa på Europaveg 39 ved Skilbrei i Gaular kommune. I bilen fann politiet over eit halvt kilo hasj og 25 valiumtablettar. Etter beslaget i bilen ransaka politiet mannens bustad i Høyanger. Der fann dei ytterlegare over 4,5 kilo av det narkotiske stoffet. Fengsla kjøparen Men storfangsten i Gaular kom slett ikkje som følgje av ein tilfeldig trafikkýkontroll. Politiet hadde sjølv avtalt tidspunkt og møtestad for overlevering av stoffet.Tidlegare på kvelden hadde nemleg politiet pågripe kjøparen av hasjpartiet i Førde. Medan kunden sat i varetekt hos politiet, forsøkte narkoseljaren frå Høyanger å ringje han på mobiltelefon fleire gonger. Men politiet sat med mobilen, og svarde aldri på oppringingane. I staden sende ein politimann ei tekstmelding til Høyangerýmannen, frå kjøparens mobiltelefon. Der ba han Høyangerýmannen møte på Skilbrei for overlevering av stoffet.Sogningen gjekk rett i fella. Då han mottok tekstmeldinga. var han i Førde. Han sette seg straks i bilen og køyrde den dryge mila til Skilbrei i nabokommunen Gaular. Der venta politiet. Uvanleg Framgangsmåten politiet nytta er høgst uvanleg, og Ytre Sogn herredsrett har vurdert om mannen i det heile kan dømmast etter at den kriminelle handlinga vart provosert fram av politiet.Det meiner heradsretten han kan. Retten konkluderer med at politiet framprovoserte ei straffbar handling som uansett ville ha skjedd. «Betingelsene for om bevisprovokasjon kan nyttes som ledd i ein domfellelse blir at politiet ikke aktivt kan fremkalle en straffbar handling som ellers ikke ville ha blitt begått», heiter det i dommen.Heradsretten legg til grunn at tiltalte ville avtalt stad og tidspunkt for overlevering av narkotikaen til kunden, dersom han hadde fått kontakt dei gongene han forsøkte å ringje kjøparen. Då sogningen reagerte prompte på tekstmeldinga, viser det at beskjeden ikkje kan ha komme overraskande. Snarare var det ei stadfesting på å fullføre noko dei to var einige om frå før. ý Skulle passe på hasjen I retten forklarte sogningen at han berre skulle oppbevare det 5,3 kilo store hasjpartiet for eit kortare tidsrom. Ein kjenning av mannen hadde bedt han om denne tenesta fordi han var i politiets søkjelys.Ytre Sogn herredsrett festar ikkje lit til mannens forklaring. Retten meiner det bevist at han sjølv både hadde hand om det store narkopartiet, og skulle selje det vidare.Straffa er sett til fengsel i to år og fire månader. Mannen må også tole inndraging av 47.000 kroner til fordel for statskassen.