– For å vera snille mot dei, som rusmisbrukarane uttrykkjer det sjølv, skriv avisa Sunnhordland.

Koplinga er særs uheldig meiner Terje Eriksen, ved Stord lensmannskontor. Han arbeidar førebyggjande med både ungdom og rusmiljøet.

Ifølgje Eriksen har politiet observert dialog mellom unge jenter og eldre rusmisbrukarar den siste tida etter at dagtilbodet for rusmisbrukarar blei stengd.

— Hadde Varmestova vore open ville møta mellom desse to gruppene sannsynlegvis ikkje skjedd, seier Eriksen.

Stord kommune vedtok for to veker sidan å ikkje løyva meir pengar til Varmestova. Tiltaket som blei drive av stiftinga Barmhjertighetsbussen måtte difor stengja, og 20-30 brukarar mista tilbodet sitt.