– Ja, eg får håpe det, seier Sortland, som overfor Bergens Tidende stadfestar at han er spurd og har takka ja til å stille som ordførarkandidat.

Industrikommunen Høyanger har mannsalderlang tradisjon for at Ap er det dominerande partiet og har ordføraren. Den siste av dei, Kjartan Long-va, takkar til hausten av etter 16 år med ordførarkjeda. I periodar, både i Longvas regjeringstid og før det, har partiet hatt reint fleirtal i kommunestyret.

Ingen politisk erfaring

Sortland har ingen direkte erfaring frå politikken. Han flytta frå Årdal til Høyanger våren 1991, og har vore dagleg leiar for Høyanger Næringsutvikling AS. Ordførarkandidaten melde seg inn i Ap midt på 90–talet.

– Eg føler at kjenner kommunen godt etter å ha budd her snart 20 år. Eg har alltid vore samfunnsinteressert. Og som ansvarleg for arbeidet med næringsutvikling, har eg jobba tett på det politiske miljøet.

Nettopp næringsutvikling har vore ei viktig tema i mange år i Høyanger. Den tradisjonelle industrien har slite tungt. Bilfelgprodusenten Fundo, den største arbeidsplassen i kommunen med over 300 tilsette, gjekk konkurs. På aluminiumverket er Søderberghallen lagt ned og mange andre stillingar rasjonalisert vekk.

Lysning

No ser det derimot lysare ut enn på lenge. Som meldt i Bergens Tidende i går er det no klart at det blir bygt fabrikk for brenselscelleprodusenten Nordic Power Systems på Kyrkjebø. Håpet er at dette kan gje kring 80 arbeidsplassar. Og i Fundobygget i Høyanger sentrum er dei nye franske eigarane i St. Jean Industries i gang med å starte ny produksjonen basert på den nye og lette hybridfelgen som blei utvikla før konkursen.

– Korleis blir det å ta over etter ein ordførar som kanskje har vore den mest markerte i Sogn og Fjordane?

– Det blir ei utfordring. Kjartan har vore styreleiar i Høyanger Næringsutvikling sidan midt på 90–talet, og vi har difor jobba svært tett saman. Vi har hatt våre opp— og nedturar saman, for å seie det slik. Eg har lært hans nettverk å kjenne, og ser fram til å føre desse kontaktane vidare.

Nominerer i februar

Nominasjonsnemnda i Høyanger Ap har avsluttande møte neste fredag. Men leiar av nemnda, Frode Merkesvik, gjev uttrykk for at det er lite tvil om at dei vil innstille på Sortland.

Hans namn var mellom dei som kom på bordet etter at varaordførar Monica Oppedal takka nei til førsteplassen på lista. Oppedal er fylkessekretær i Sogn og Fjordane Ap.

Ifølgje Merkesvik blir det store ut-skiftingar i partigruppa.

– Berre to–tre av dei som sit i kom-munestyret for Ap i dag kjem til å halde fram, seier han.

Nominasjonsmøtet i lokallaget blir i midten av februar.