• Bort med ferjene! - Gjev oss veg over Fusa!

Bør vegen byggjast? Sei di meining!

Alt som tel av næringsliv mellom Bergen og Stord går no saman i eit krav om ferjefri veg frå Bergen og sørover. Skarve 10 milliardar vil det kosta.

— Og næringslivet er villig til å betala dryge bompengar for å få dette til. Ferjetaksten + 40 prosent, seier regiondirektør Tom Knudsen i Næringslivets hovudorganisasjon, NHO Hordaland, til bt.no.

Tom Knudsen har no i føremiddag lagt fram eit rapport som m.a. syner vegval, køyretider, kostnader og modellar for finansiering.

— Dette vert Noregs største ferjeavløysingsprosjekt. Fire ferjestrekningar vert nedlagte. Det vil spara staten for opptil 50 millioner kronar i årlege utgifter. Trafikken kan få inntil 25 minuttar kortare reisetid Bergen og Leirvik enn i dag, og vegen vil vera døgnopen, seier Tom Knudsen.

Han viser til Rogaland, der dei er komne langt i planlegginga av den 25 kilometer lange tunnelen under Boknafjorden, som vil gje ferjefritt samband mellom Stavanger og Haugesund/Stord.

Mellom Stord og Bergen vert det ein kombinasjon av bruer og tunnelar. Brua over Langenuen, mellom Stord og Tysnes, vert nesten like lang som Hardangerbrua. Mellom Eikelandsosen og Os må det byggjast bruer både over Ådlandsfjorden og over Samnangerfjorden.

Stord glir mot Stavanger

Knudsen meiner at dersom Sunnhordland og Stord ikkje skal gli endå lenger bort frå Bergen og nærare Stavanger, er det naudsynt å få på plass ferjefri veg Stord-Bergen så snøgt som råd.

«Så snøgt som råd» betyr likevel ikkje over helga. Næringslivet sine folk er realistiske nok til å innsjå at toget er gått for den rulleringa av Nasjonal Tranportplan som Stortinget skal føreta i 2009. Men dei krev at planarbeidet vert sett i gang straks, slik at den ferjefrie stamvegen kan koma inn i Nasjonal Transportplan for perioden 2014-2023.

Høgre er pådrivar

Av dei politiske partia, er det Høgre som tidlegare har kjempa hardast for ferjefri stamveg over Fusa. Men i 2000 samla Arbeidarpartiet og Framstegspartiet seg og fekk fleirtal for stamveg med ferje over Halhjem.

Høgres Tom-Christer Nilsen, som er fylkesvaraordførar, seier til BT at han er glad for at næringslivet no køyrer fram saka på nytt.

— Det er ein kjempegodt prosjekt. Fylket bør ta tak i saka straks over valet og arbeida for at den ferjefrie stamvegen vert omtala i neste rullering av Nasjonal Transportplan, seier Tom-Christer Nilsen.