— Every nærbutikk has this problem, seier John van der Veldt med eit smil når kortautomaten ikkje verkar som den skal.

Det er første dagen han og kona Jolanda står bak kassen i butikken dei nett har overteke på Eidsland i Vaksdal. Heldigvis har kundane Aud Angeltveit og Gunnar Eide med seg kontantar.

Før John og Jolanda van der Veldt frå Holland overtok, eigde nesten alle innbyggjarane på Eidsland aksjar i nærbutikken sin. Sidan det gjekk sånn passe, og helst litt nedover, vart aksjeselskapet avvikla og butikken lagt ut for sal. At det no er ein hollandsk familie som overtek drifta er ikkje tilfeldig.

Gjev tilflyttingsgaranti

Eidsland bygdeutvikling heiter laget som kontakta Gert Rietman, opphavleg nederlendar, men no gründer og sunnmøring. Rietman har skaffa norske grisgrendte strok om lag 750 sårt tiltrengte nye innbyggjarar dei siste tre åra.

Han organiserer heile 23 busetjingsprosjekt omkring i landet. Kundane kan vere ei einsleg bygd eller ein heil kommune som ønskjer til dømes 20 nye sambygdingar. Kommunane får tilflyttingsgaranti av Rietman, for i Nederland finst det nok av folk som ønskjer seg bort frå trengsel og stress. På Eidsland håpar dei på tre nye familiar.

Følgjer eventyrlysta

John og Jolanda flytte frå landsbyen Heemskerk som ligg 25 kilometer nord for Amsterdam. Heimplassen med 35.000 innbyggjarar er no skifta ut med ei bygd der det bur drygt hundre.

— Ei utfordring, seier John med eit smil.

Etter 16 år som bankmann gjorde han alvor av ønskjet om å bryte opp og følgje eventyrlysta.

— I Nederland aukar arbeidspresset raskt, vi ville ta tilbake styringa av liva våre, fortel John og Jolanda.

På Eidsland håpar dei å kunne dyrke interessene for segling og kakebaking.

— Det lokale vertskapet er svært viktig for at eit tilflyttingsprosjekt skal fungere, forklarer Rietman. Han skryt over folket på Eidslandet som gjer ein kjempeinnsats, og har tatt godt imot den nye familien.

Seglande familie

Med sine tre born på seks, åtte og elleve år aukar familien van der Veldt elevtalet på Eidsland skule frå åtte til elleve elevar. Ein kjærkomen auke både for medelevar og lærar.

Med seg på flyttelasset har familien ikkje mindre enn fire småbåtar, derav to seglbåtar.

— Eg kunne òg tenkje meg å lære ungane på skulen å segle, fortel John.

Førsteinntrykket av Eidsland er det ingenting å seie på.

— Vi likar oss, og borna trivst på skulen. Eidsland er roleg, og fjorden ligg berre 20 meter nedanfor huset vi bur i, skryt John.

Norskkurs i Holland

John har alt lært ein god del norsk. I vinter gjekk han og Jolanda på norskkurs i Holland. Dei bestemte seg for å lære språket frå første stund.

— Ikkje alle kundane på Eidsland snakkar engelsk, så norsk må vi lære i ein fart, seier John.

Målet er å drive Nærbutikken på Eidsland som ei familiebedrift, med både Jolanda og John bak kassen i byrjinga, men der ein av dei kanskje tek anna arbeid ved sidan av etter kvart. Ein mogleg ekstrajobb er å finne i transportbransjen. John har sertifikat for stor bil, og i Modalen-Eksingedalen Billag treng dei folk.

  • Vi såg at det trengtes drastiske tiltak for å redde butikken, seier Jahn Olav Nordheim, som er med i tiltaksgruppa som arbeider med bygdeutvikling på Eidsland.

— Det er noko med den given som berre er der om ein driv sin eigen butikk, seier han.

Amundsen, Paul S.
Amundsen, Paul S.