REGNET AUSAR NED. Nysnø ligg på toppane. Skodda sleikjer fjordbotnen. Turistbussane står oppstilte. Sommarferja til Geiranger lyftar lemmen. Legg i veg på timelange turen inn fjorden.

— Det er trasig når folk kjem like frå Korea for å oppleve Geirangerfjorden, og så får ein slik dag, seier Sporstøl.

Last ned stor versjon av bildet her

DET ER EIN av dei sjeldne styggevêrsdagane vestlandssommaren 2008. Under paraplyar står hutrande turistar og fotograferer Hellesyltfossen. Dei får i alle fall oppleve han på sitt mektigaste, i skikkeleg kvit drakt.

— Det er lagt planar om å lyssetje fossen, fortel handelsmannen. - Det vil bli ein stor attraksjon.

Tsunamien frå Åkneset vil nå Hellesylt først, det vil gå ca. fem minutt. Til Geiranger vil flodbølgja bruke dobbelt så lang tid. Men i smale Geirangerfjorden kan tsunamien bli pressa endå høgare, opp mot 45 meter. I begge bygdene vil første bølgja nå omtrent opp til kyrkjene. Deretter vil bårene vaske fram og tilbake mellom fjellsidene, stadig mindre, til sjøen legg seg til ro etter ein times tid.

Om bølgjene når høgast inne i fjordane og bustadhus og næringsbygg på flatene i fjordbotnane blir raserte, kan skadane likevel bli størst av tsunamien som slår andre vegen. I tettare folkesette område nærare kysten kan sjølv ei bølgje på ein til to meter skape veldige materielle øydeleggingar.

(Saken fortsetter under grafikken)

DET ER EIN STILLE MORGON på Spar-butikken i sentrum av sunnmørsbygda. Svein Sporstøl har starta dagen med å ta mot nye forsyningar av varer, etterpå er det tid for kaffi og ein blås.

— Kvardagen vår er noko heilt anna enn å vere oppteken av rasfaren. Folk tenkjer ikkje på det til dagen. Dei som har gjort det, må i så fall ha flytta herifrå.

Folk utanfrå er langt meir opptekne av rasfaren. Sporstøl kjem sjølv frå Ørsta, og legg ikkje skjul på at det plagar han når sjølv folk i heimbygda lurer på kor lenge han «torer bu der inne».

— Det er nesten så dei trur fjellet står og vippar.

Ifølgje Sporstøl er uroa folk føler tufta på at rasfaren legg ein dempar på all utvikling. Storfjorden har byggjeforbod. Bygdene er strypte.

— Vi får ikkje sett i gang det vi vil, alt blir stoppa.

FRP-ORDFØRAR FRANK SVE i Stranda trugar no med å trasse byggjeforbodet som er innført på grunn av rasfaren frå Åkneset. Forbodet gjeld i realiteten bygging i standsonen i alle dei ti kommunane langs Storfjorden, også Ålesund.

— Dei samfunnsmessige konsekvensane av å seie nei til all utbygging er større enn å gje løyve til bygging, seier Sve.

Han er sterkt kritisk til at departementet ikkje har oppheva forbodet for lenge sidan, men vil likevel vente på avgjerda før han gjer alvor av trugsmåla.

Både Hellesylt og Stranda er avhengige av turisttrafikken. I begge bygdene er det lagt planar for å byggje cruisebåtkaier. I Hellesylt står det gamle hotellet til nedfalls. Flakkgruppen i Ålesund, som eig Devold og er store på reiseliv på Sunnmøre, vil byggje nytt. Det er snakk om investeringar på nær 100 millionar. Bygginga skulle teke til i fjor.

— Det er ei umogleg pedagogisk oppgåve å forklare at vi ikkje skal få byggje kaier og hotell når det kvar einaste dag heile sommarhalvåret ligg digre flytande hotell på fjorden, seier ordføraren.

OG I HELLESYLT SUKKAR handelsmannen over det same:

— Vi får ikkje lov til å byggje ny kai og nytt hotell, men skulen kan liggje midt i bygda, seier Svein Sporstøl og peikar på skulebygningen på andre sida av vegen: - Forstår det den som kan.

Han er sterkt kritisk til regjeringa og Stortinget, som etter hans syn held på løyvingane til Beredskapssenteret. Først når alle beredskaps- og varslingsplanar er utarbeidde, kan det eksisterande byggjeforbodet bli oppheva.

— Vi vil bli varsla minimum ei veke før eit stort ras. Greier dei å halde det, kjem vi til å bu i verdas tryggaste fjord, seier Sporstøl.