PFU

Av Ola Folkestad, Voss

Lesarombodet i BT undrar seg over kvifor ikkje fleire prøver saker for PFU (BT 05.04.). Samstundes oppmodar han om å få fleire innspel. Då nyttar eg sjansen.

Eg trur ikkje han skal undre seg mykje over at ikkje fleire prøver sine saker for PFU. Truleg har folk flest langt mindre tiltru til PFU enn han tilsynelatande har.

Sjå på desse fakta:

1. PFU er media sitt eige organ.

2. Fleirtalet i PFU representerer media.

3. Kven nemner opp mindretalet? Media så klart.

4. Media held sekretær. Eg går ut frå at dette også tyder at sekretæren m.a. utarbeider forslag til uttale frå PFU.

OM DETTE IKKJE er å la bukken passe havresekken, så veit ikkje eg. Kollegiale haldningar vil/må heilt klart gjere seg gjeldande. Når slike situasjonar førekjem i offentleg samanheng, så kallast det inhabilitet. Situasjonen vil også vere at dei fleste (kanskje alle) i FPU vil kome frå same miljø.

Men problematikken stoppar ikkje her. For etter kva «regelverk» er det PFU skal prøve sakene? Jau, «Ver varsam plakaten», event. Redaktørplakaten, som begge er media sine eigne kjørereglar, og som media sjølve både har utforma og vedteke. Verken styresmakter eller allmenta har hatt innverknad på innhaldet i desse kjørereglane.

VIDARE ER DET slik at PFU ikkje set i verk noko gransking av fakta. Med ulik påstand frå partane, vil dette seie at PFU må avgrense seg til å fastslå at påstand står mot påstand. Då kan media sjølvsagt ikkje «dømmast».

På same måten som i rettssaker vert media frikjent såframt ikkje det motsette kan bevisast. Dette vil seie at bevisbyrda vil liggje på den som fremjar klagen. Som nemnt, set i verk PFU sjølve ingen reell gransking av fakta. I dei fleste tilfelle vil media vere den klart mest drivne part. Dette vil m.a. seie at dei har størst erfaring i korleis dei skal formulere seg i sine fråsegner til PFU for å unngå å verte ramma, i praksis korleis dei skal vri seg unna.

DET MÅ SÅLEIS liggje føre ei overvekt av moment som talar for felling, om det skal vere von om å vinne fram. Truleg må 80-90 prosent av momenta tale for felling om det i det heile skal vere grunn til å prøve klage, i nokre høve kanskje enno høgare.

Korleis opptrer media så når «dom» ligg føre? Har media ikkje vorte «dømde» vert dette slått til dels stort opp. På leiarplass vert utfallet gjerne kommentert. Utfallet i PFU vert vektlagt. Går utfallet i PFU derimot mot media, har vi sett fleire døme på at media direkte har sagt frå at dei ikkje vil leggje vekt på utfallet i høve nye/andre saker. I praksis har det diverre også vist seg at så er tilfelle.

UT FRÅ DETTE er det ingen som helst grunn til å undre seg over at mange ikkje vil ta verken bryet eller belastinga med å klage saker inn for PFU. Vi har også sett døme på at ressurssterke kjendisar har avstått frå å klage til PFU, men ført saka for retten.

Vi har også sett døme på at slike personar, i staden for å klage til PFU, har tatt til motmæle ved å rykkje halv— eller heilsides annonse inn i avisa og der brakt sitt syn fram for allmenta. Dette må også kunne takast som eit signal.

MEINER EG SÅ at PFU ikkje har nokon misjon i det heile? Nei, eg gjer ikkje det, men eg trur verdien stort sett er avgrensa til følgjande:

  • Det har allmenn interesse å sjå korleis PFU, som media sitt eige øvste moralske organ, til ei kvar tid meiner at dei akseptable grensene bør liggje. Under dette å sjå korleis desse grensene over tid endrar seg.
  • For den einskilde person/firma/organisasjon kan det vere tenleg ein gong i mellom (med lange mellomrom) å prøve ei sak for PFU. Dette for med sjølvsyn å få innsikt i korleis dette «systemet» verkar.

Les fleire lokale nyhende på våre lokalsider

Sei di meining i kommentarfeltet under.

EINØYGD? Folk flest har lita tiltru til Pressens Faglege Utval, skriv Ola Folkestad. Dei færraste tar belastninga med å sende klage dit. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH
Bergens Tidende