— Vi utelukkar ikkje vegprising, sa KrFs gruppeleiar Pål Kårbø frå fylkestingets talarstor. To gonger sa han det, til og med.

Men det vart med det munnlege. I det skrivne vedtaket slo KrF følgje med Høgre og Framstegspartiet. Der er ikkje vegprising nemnt. Heller ikkje bompengar, for den del.

— Vi utelukkar ikkje vegprising, men i denne omgangen vil vi peika på kva som trengst av samferdsleinvesteringar i Bergensområdet. Og vi slår fast at alle som har vore høyrde i saka er samde om å gå for det høgste nivået, sa Pål Kårbø.

Høgste nivået, det er 37 milliardar kroner for utbygging av kollektivtrafikk, nye samband og ringvegar i Bergen og dei store kommunane rundt.

— KrF vil noko anna enn det dei tør å gå inn for i vedtaket, sa Venstres Harald Hove.

Ingen på fylkestinget har illusjonar om at regionen slepp unna ein dryg bompengepakke for å oppfylla dette. Men fylkesrådmann Paul M. Nilsen hadde i sitt forslag til vedtak teke med eit punkt der fylkestinget går inn for at «inntekter frå trafikantbetaling og kan nyttast til å finansiera drift av kollektivtransporttilbodet».

Fylkesrådmannen sitt forslag vann oppslutnad frå sentrum til yttarste venstre.

Men punktet om trafikantbetaling er, så langt, ikkje etande verken for Høgre eller Framstegspartiet. Ola Ersland forsvarde KrF sitt standpunkt med at det var viktig no å få til eit kompromiss som kunne verka mest mogleg samlande i heile regionen.

Torill Vebenstad, Ap, sa at hennar parti var skuffa over at høgresida, og særleg KrF, ikkje såg alvoret i dei trafikkprognosane som stod å lesa i transportanalysen.