— Det kom som eit sjokk på advokatgutane da eg stilte ut for all verda kva dei faktisk skreiv i breva sine. Hadde dei kunna, ville dei garantert ha saksøkt meg, seier kunstnar Elisabeth Knap, som fekk sitt første møte med advokatstanden gjennom ein langvarig og bitter arvestrid.

Gøy å provosere

— Dei burde passe seg for kva dei set på papiret, passe seg for kva spor dei let etter seg. Særleg når dei ikkje oppfører seg redeleg overfor folk. No ligg det der, under isen til evig tid.

Elisabeth Knap snakkar om advokatetikk, eller mangel på slik.

Frå søndag av viser ho fram den juridiske brevvekslinga som kunstverk i Sogndal Kunstlag, fullt lesbart under tynne penselstrok på lerret. Bunken med advokatbrev kunne omsider brukast til hennar fordel, gjennom eit kunstnarleg uttrykk.

— Det er første gang eg brukar mine eigne erfaringar så direkte i kunsten min. Og så er det jo gøy å provosere også da, smiler 60-årige Knap.

Historia går ti år tilbake i tid, da ho vart part i eit arveoppgjer og søkte advokatbistand. Saka pågår enno.

Ho meiner at advokaten ivaretok interessene hennar i starten, men at han etterkvart fekk ein annan agenda. Eit i utgangspunktet enkelt arveoppgjer vart gjort til ei komplisert, langvarig, traumatisk og ikkje minst kostbar affære. Advokatstanden har eigne etiske utval som skal vakte etikken. Knap opplevde dei snarare som bukken og havresekken.

— Norske juridiske landskap er tittelen på utstillinga. Du kallar det også for islandskap. Kvifor?

— Det er slik eg har opplevd det. Det har vore heilt jævlig. Eg inngjekk eit forlik eg aldri skulle gått med på. Eg gret i eitt år før eg fekk summa meg, seier kunstnaren. - Eg opplevde det som eit komplott, med advokatar på begge sider. Dei aller lettaste offera i slike saker er kvinner på min eigen alder.

Biter arvestrid

Knap er opphaveleg frå Sandefjord, men flytta til Sogn for tre år sidan. Ho er utdanna ved Statens kunst- og håndverkskole i Oslo og i Tyskland, og arbeider som lærar og kunstnar i Sogndal.

Det problematiske møtet med jussens folk fekk ho i heimbyen, der ho forøvrig også viste denne utstillinga før jul. No står altså Sogndal for tur, og i april går turen vidare til Oslo.

— Da eg stilte dette ut i Sandefjord Kunstforening, sa leiaren i kommunens forliksråd til arrangøren at ei slik utstilling ikkje gjekk an, fortel Knap. - Han ville ha stengt heile lokalet dersom han hadde kunna gjere det. Men breva fortel jo berre kva eg faktisk har vore gjennom, med fullt namn på aktørane.

Den bitre arvestriden dreier seg i utgangspunktet om store verdiar, og det er ikkje berre uetiske advokatar Knap blottstiller gjennom utstillinga. Også forholda innan hennar eigen familie får søkjelyset på seg.

— Vi er ikkje på talefot etter det som har skjedd. Trass i at dei har tatt heile min del av arven, så meiner dei at det er eg som skuldar dei pengar, seier Knapp når ho forklarer sin versjon av striden.

— Kom slektningane dine då utstillinga var i Sandefjord?

— Er du gal? Dei sendte ut vennene sine for å sjå, seier Knap.

Men det er advokatane som er det sentrale temaet for utstillinga, og Knap meiner at laugets interne sjølvjustis er ein illusjon.

— Problemet er jo innlysande: Ingen advokatar vil refse andre advokatar, seier ho.

I samband med arvesaka i Sandefjord opplevde Knap banda mellom advokatar som altfor tette. Blant anna var advokaten ho klaga på faktisk tilsett i same firma som leiaren for den lokale disiplinærkomiteen som ho klaga til.

— Og kva skal ein tru når medlemmer av disiplinærkomiteen, som altså skal sjå til at kollegaene følgjer god advokatskikk, ikkje gjer det sjølv? seier Knap. - Også på dette forholdet klaga eg straks eg oppdaga det. Svaret var at klagefristen var oversittet .

Knap tapte alle rettsrundane i Sandefjord, og vann sin første siger først da ei av sakene kom opp ved tingretten i Sogndal. Ho meiner dette illustrerer at Tingretten dommarfullmektigar ikkje er uavhengige nok overfor erfarne advokatar dei møter i retten.

— Etter tida som dommarfullmektig skal dei jo ut og søke jobb, oftast i nettopp dei firma der dei mest erfarne advokatane er. Og byter du advokat, blir det brukt mot deg i retten. Sjølvsagt burde langt fleire byte advokat - nett som dei skiftar lege eller frisør dei er misnøgd med, seier Knap.

Men ho har også møtt advokatar som har gjort ein skikkeleg jobb, og meininga med utstillinga er slett ikkje å skremme folk vekk frå å søke advokatbistand:

— Men vær ikkje så naiv som eg var i starten, og bytt ut advokatar du ikkje er nøgd med, er rådet hennar.

Utstillinga som opnar søndag på Sogn Folkemuseum - De Heibergske samlinger, omfattar 32 bilde med juridiske tekstar i tillegg til treskulpturar.

SINNE MOT ADVOKATAR: Kunstnaren Elisabeth Knap stiller ut verk der ho tar eit originalt oppgjer med advokatstanden, og det ho oppfattar som kameraderi og dårleg etikk.<p/>FOTO: ØYSTEIN TORHEIM
SKULPTURAR: Elisabeth Knap varierer utstillingar med "Svanedyr", store trefigurar i limtre.<p/>FOTO: ØYSTEIN TORHEIM